11/10/2019, 19.30

Strikkekafé på Hangurstoppen

Svanhild Strøm er designar hjå Dale of Norway. Ho fortel om kva som inspirerer henne av færøyiske strikketradisjonar og om arbeidet med boka si.

På Færøyane bur det i dag dobbelt så mange sauer som folk. Strikking har ei lang og rik historie, og har vore Færøyane si viktigaste eksportindustri og levebrød. Strikking som handtverk var og er ein viktig kulturarv.

Kvar bygd og kvar familie hadde sitt særpreg og sine mønstre. Denne kulturarven var i ferd med å døy ut, men så tok skreddaren Hans M.Debes ansvar. Han gjekk rundt i bygdene og samla inn mønster, alle plagg- alt frå ulltrøyer, fiskargensarar og kreative strikkemønster. Boka hans er framleis i salg, og er også ei inspirasjonskjelde for Svanhild og mor hennar Marjun.

Boka deira  “Færøysk strikkebok” er ei moderne strikkebok som er full av vakre plagg og ei flott inspirasjonsbok for strikkarar i alle aldrar som er opptekne av tradisjonar. 
Svanhild har med seg boka si for sal etter foredraget.

Ta med deg spøtet ditt – og gode strikkevener.  
Velkomen til ein inspirerande og koseleg strikkekveld på Hangurstoppen! 

Tid og stad: Fredag 11. oktober kl. 19.30. Hangurstoppen Restaurant. Foredraget varer i omlag ein time og ein er hjarteleg velkomen til å vera igjen etterpå. ​
Pris foredrag:  kr.100,-. * Merk at ambassadørkort, sesongkort og heilårskort kan nyttast på gondolen.
Kjøp billettar foredrag

Pakkepris: Tur/retur gondol og foredrag kr. 395,-. 
Kjøp pakkepris foredrag og gondol 
* Merk at gondolbilletten gjeld kun denne dagen og at pakkeprisen berre gjeld ved online bestilling (ikkje i billettluka).

 

Andre arrangement

  • 22. Oktober, kl 18.00

    Osa på Hangurstoppen

    Me tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal speler eit utval slåttar. Me gler oss!

    Les meir »
  • 09. November, 10.30-11.30

    Hanguren Yoga

    Hanguren Yoga er ein klassisk yoga time kor me gjennomgår ulike ståande stillingar og nede på matta. Timen passer for alle.

    Les meir »
  • 01. August - 15. November, kvar dag

    Stolpejakt på Hanguren

    No har me stolpejakt på Hanguren! Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!

    Les meir »
  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »
  • 31. Desember - 01. Januar, 17.30 - 02.00

    Nyttårsfeiring på Hangurstoppen

    Velkomen til nyttårsfeiring på Hangurstoppen! Bli med på 4-rettars middag med vinpakke, fest eller begge deler!

    Les meir »