01/07/2020 > 18/10/2020, Kvar dag
Stolpejakt på Hanguren
Stolpejakt er ein perfekt aktivitet for små og store. Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!
Voss IL si orienteringsgruppe gjer ein strålande jobb. Stolpejakten er allereie stor suksess og me i Voss Resort gler oss til ny runde med stolpejakt på Hanguren.
Stolpejakta er gratis å delta på, og er ein perfekt aktivitet for heile familien. Du vel sjølv kor mange stolpar du vil finne og registere.
Du kan jakte stolpar i heile Norge. På Voss finn du stolpar i Prestegardsmoen på Vangen (Voss sentrum), Bømoen og Haugamoen finn du også stolpar. Les meir
Korleis registre stolpar:
1. Noter bokstavkodane som står på stolpane. Etterpå registrerer du stolpane på denne websida etter innlogging.
2. Bruk mobil-appen til å scanne og registrere QR-kodene som også står på stolpane. (Mobil-appen kan også registrere bokstavkodar.)