25/08/2019, kl 11.00- 13.15

Familiedag og Hanguren rundt 2019

Bli med på familiedag på Hanguren med barneløp og Trollala konsert samt det nye løpet "Hanguren rundt"

Saman med Voss IL ynskjer me velkomne til Hanguren sundag 25.08. Her blir det barneløp i Panoramaløypa, Trollala konsert og Hanguren rundt - ei flott rundløype på 10km med start og mål ved den nye Hangursrestauranten. Det vert og høve til å springa ei kortare løype på 4km for dei som synest det er langt nok.

Program 
kl 10.15:
Sekretariatet åpner på Hangurstoppen. Uthenting av startnummer og eventuelt etterpåmelding.
Kl. 11.00: Start barneløp i Panormaløypa:  400m for dei under skulealder og 800m for 1.-7.klasse  (deltakarpremie til alle)
Kl. 12.00 start 4km - for alle frå 13 år
Kl. 12.15 start 10km - for alle frå 17 år (yngre kan stilla i 17-18 års klassen)
Kl. 12.30 – 13.15 Trollala konsert ved Hangursrestauranten.


Påmelding til alle løpa

Voss Resort sponser deler av gondolbillettane til arrangementet og tilbyr spesialpris til deltakarne og føresette til løpet. Redusert billettpris kan kjøpast i Turistinformasjonen mot at ein syner kvittering av påmelding til løpet. Born og vaksne. 

Prisar;  kr 200 t/r for vaksne, kr 130  (4-15 år) t/r for born, kr 500 t/r for familiar (med same bustadsadresse). 
 

 Sundagsmiddagen på Hanguren?
 Senk skuldrene på sundag og lat oss servera sundagsmiddagen etter Hanguren rundt! 

 Me byr på heilgrilla, økologisk kylling frå Homlagarden, med amandine poteter og   urtesauterte grønnsaker. 
 Pris 1 person: kr. 245,-
 Pris for heil kylling (opptil 5 personer): kr. 995,-

 Bestill gjerne på førehand på mail: post@vossgondol.no eller ring +47 4700 4700 og vel     Hangurstoppen Restaurant.  Velkomen! 

Andre arrangement

  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »
  • 31. Desember - 01. Januar, 20:00 - 02:00

    Nyttårsfeiring på Hangurstoppen, med DJ Petter Lavern

    Velkomen til nyttårsfeiring (med DJ Petter Lavern) på Hangurstoppen!

    Les meir »