13/09/2020, kl 11.00- 14.30

Hanguren rundt 2020

Bli med på mosjonsløpet Hanguren Rundt 2020, ei rundløype i terrenget på 4 eller 10 km. Eige barneløp Hanguren Panorama

Saman med Voss IL ynskjer me velkomne til ein aktiv kjekk dag på Hanguren sundag 13.09.2020. 

Mosjonsløpet Hanguren rundt
10 km eller 4 km. Begge distansane er flotte rundløyper på sti med start og mål ved Hangurstoppen restaurant. 
Løypa vert merka og lagt ut på Strava i medio august 2020.
Påmelding her

Barneløpet Hanguren Panorama
Hanguren Panorama er ei rundløype og tursti som er lett tilgjengelig for barnevogn og rullestolar.
Barneløpet: 400m rundløype for dei under skulealder og 800m for 1.-7.klasse. Startkontigent 50 kr per barn (deltakarpremie til alle) Barneløpet er utan tidtaking.
Meld deg på

Førebels program 
Barneløpet Hanguren Panorama
kl  10.15:
Sekretariatet åpner for barneløpet ved Skiskulen på Hangurstoppen. Uthenting av startnummer og eventuelt etterpåmelding. 50 kr i startkontigent ved førehandspåmelding. Etterpåmelding ved oppmøte 100 kr per barn.
Kl 10.50: Oppvarming med Grebbe i Trollbakken
Kl. 11.00: Puljevis start barneløp i Panoramaløypa. Borna under skulestart startar fyrst. Premieutdeling ved målgang. Deltakarpremie til alle.
Kl 12.00 – 12.30: Gratis familiekonsert utanfor Hangurstoppen restaurant.

Hanguren rundt 2020 
kl 11.00: Sekretariatet åpner like utanfor Hangurstoppen restaurant.
Kl. 12.30: Start 4km - for alle frå 13 år. Puljevis start. Startkontigent 100 kr per person.
Kl. 13.00 Start 10km - for alle frå 17 år. Puljevis start. Startkontigent 200 kr per person. Yngre kan stilla i 17-18 års klassen.


** Me fylgjer sjølvsagt til ei kvar tids gjeldande retningslinjer i forhold til Covid- 19. Nærmare informasjon knytt til puljevise startar og oppdatert program kjem i slutten av august 2020.

Prisar Voss Gondol;  
Voss Resort sponser deler av gondolbillettane til arrangementet og tilbyr spesialpris til deltakarne og føresette på løpsdagen. Redusert billettpris kan kjøpast i Turistinformasjonen mot at ein syner kvittering av påmelding til løpet. Born og vaksne. 

Kr 200 t/r for vaksne, kr 130 (7- 17 år) t/r for ungdom, born under 7 år går gratis. Kr 500 t/r for familiar (alle borna inkludert med same bustadsadresse). 
 

 

Andre arrangement

  • 20. Juni - 30. August, Kvar dag

    Grebberebus

    Grebbe gler seg sånn til besøk i sommar! Han har gått rundt med sekk og niste på ski for å lage kjekke turar og aktivitetar til familien din.

    Les meir »
  • 26. Juni - 30. September, Kvar dag

    Grebbes turbingo

    Grebbe har laga ei liste over ting du kan finna i naturen. Kor mange ting finn du?

    Les meir »
  • 26. Juni - 22. August, kvar dag

    Hengekøye-glamping på Hanguren

    Kva er vel betre enn å sove ute i hengekøye med panoramautsyn over Vossabygda?

    Les meir »
  • 01. Juli - 18. Oktober, Kvar dag

    Stolpejakt på Hanguren

    Stolpejakt er ein perfekt aktivitet for små og store. Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!

    Les meir »
  • 01. Juli - 20. September, kvar dag

    Turorientering på Hanguren

    Turorienteringa til Voss IL er ei knallkjekk form for orientering og ein perfekt familieaktivitet.

    Les meir »
  • 01. Oktober, 17.00

    Rosa sløyfe aksjon på Hangurstoppen

    Me gjentek suksessen frå i fjor og farger Hanguren rosa til inntekt for Rosa sløyfe aksjonen!

    Les meir »