22/10/2019, kl 18.00

Osa på Hangurstoppen

Me tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal speler eit utval slåttar. Me gler oss!

Dette er eit utmerka høve til å få seg ein tur med den nye gondolen, nyte den fantastiske utsikta og varme opp øyro før festivalen byrjar! Osafestivalen er den fyrste festivalen på Voss som tek i bruk restauranten på Hangurstoppen som scene – vonleg vert dette ein ny tradisjon.

Med:
Steinar Ofsdal
Studentar frå Ole Bull Akademiet:
1. klasse: Johanna Bruun Arnesen (saksofon), Helene Reigstad (euphonium) og Espen Olaf Vestvik (saksofon)
2. klasse: Mikael Hedne (vokal)
3. klasse: Anja Savic Røed (vokal), Mathilde Skjæret (hardingfele)
4. klasse: Jennifer Dos Santos (hardingfele), Ingrid Standal Sørheim (toradar)

Billett + gondol kr. 200,-
 

Andre arrangement

  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »
  • 31. Desember - 01. Januar, 17.30 - 02.00

    Nyttårsfeiring på Hangurstoppen

    Velkomen til nyttårsfeiring på Hangurstoppen! Bli med på 4-rettars middag med vinpakke, fest eller begge deler!

    Les meir »