05/10/2019 > 13/10/2019

Haustferie 2019

Me gler oss til haustferie! Bli med på stolpejakt, yoga, nye Grebbe rebusar, kreativt verkstad, Reggae verkstad og Hanguren 5-kamp med Grebbe. I tillegg har me 30% rabatt på overnatting heile veka!


Kvar dag heile haustferien:

Aktivitetsløype i Panoramastien (1 km). Langs heile løypa finn de 9 postar med ulike oppgåver. På kvar post gjeld det å samle saman ein svarbokstav, som til slutt skal lage eit løysingsord.  Send løysingsordet, med navn og telefonnummer til post@vossgondol.no, og bli med i trekninga av fine premiar.

Grebberebus i Grebbeløypa (3 km)​. Langs heile løypa finn de 13 postar med ulike oppgåver. På kvar post gjeld det å samle saman ein svarbokstav, som til slutt skal lage eit løysingsord.  Send løysingsordet, med navn og telefonnummer på e-post til post@vossgondol.no, og bli med i trekninga av fine premiar.

Stolpejakta på Hanguren. Voss IL si orenteringsgruppe har etablert Stolpejakta på Hanguren. Last ned appen Stolpejakta og jakt stolpar kva tid som helst. Stolpejakta er ein knallkjekk aktivitet som er gratis og ope for alle. 

Onsdag 2.oktober kl 17.30 - 19.30:

Rosa sløyfe marsj og mini-konsert med Dumpster Divas.
 

Søndag 6.oktober kl 12.00 -14.00:

Kreativt verkstad (møterommet i Hangurstoppen Restaurant). Høver for barn og barnefamiliar frå 10 år og oppover.
50 kr per born/vaksen. Les meir her.


Torsdag 10.oktober kl 11.00 – 14.00:

Hanguren 5-kamp med Grebbe. 5 postar- 5 aktivitetar. Høver for barn og barnefamiliar frå 5 år og oppover. Alle aktivitetane er utandørs og i nær tilknyting til Hangurstoppen restaurant. Kle deg etter veret. Arrangementet er gratis og ope for alle. 


Fredag 11.oktober kl 11.00- 14.00:

Hanguren 5-kamp med Grebbe. 5 postar- 5 aktivitetar. Høver for barn og barnefamiliar frå 5 år og oppover. Alle aktivitetane er utandørs og i nær tilknyting til Hangurstoppen restaurant. Kle deg etter veret.  Arrangementet er gratis og ope for alle.


Fredag 11. oktober kl 19.30:

Strikkekafé og foredrag av Svanhild Strøm på Hangurstoppen restaurant. Finn fram strikketøyet og bli med på ein inspirerande kveld om færøyiske strikketradisjonar.


Laurdag 12.oktober kl 10.30 - 11.30:

Hanguren Yoga med Hilde Hamre. Klassist yogatime. Høver for alle. 100 kr vippsast til instruktør. Ta med di eiga matte.


Søndag 13.oktober kl 12.00 – 14.00:

Regaee  verkstad med Stig van Eijk. I haustferien treng me litt sydlandske herlege rytmar og god stemning. Velkomen til regaee verkstad!


Tilbod på overnatting: 

Gjennom heile haustferien har me 30% rabatt på overnatting i våre hytter og leiligheiter i Bavallen. 
Sjå meir her
 

Andre arrangement

  • 22. Oktober, kl 18.00

    Osa på Hangurstoppen

    Me tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal speler eit utval slåttar. Me gler oss!

    Les meir »
  • 09. November, 10.30-11.30

    Hanguren Yoga

    Hanguren Yoga er ein klassisk yoga time kor me gjennomgår ulike ståande stillingar og nede på matta. Timen passer for alle.

    Les meir »
  • 01. August - 15. November, kvar dag

    Stolpejakt på Hanguren

    No har me stolpejakt på Hanguren! Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!

    Les meir »
  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »
  • 31. Desember - 01. Januar, 17.30 - 02.00

    Nyttårsfeiring på Hangurstoppen

    Velkomen til nyttårsfeiring på Hangurstoppen! Bli med på 4-rettars middag med vinpakke, fest eller begge deler!

    Les meir »