09/11/2019, 10.30-11.30

Hanguren Yoga

Hanguren Yoga er ein klassisk yoga time kor me gjennomgår ulike ståande stillingar og nede på matta. Timen passer for alle.

Hilde Hamre er ein erfaren flink yogainstruktør som også er kiropraktor og har idrettsfagleg bakgrunn. Ho formidler yoga gjennom eit folkeleg språk og har ein leiken tilnærming til aktivitet. Med sin gode kompetanse om kroppen sin anatomi og fysiologi, kan Hilde tilretteleggje øvingar etter behov. 

I Hanguren Yoga utfordrar me styrke, smidighet og balanse. Mot slutten finn me roen på matta som avslutning på timen. 
Me nyttar møterommet i Hangurstoppen restaurant. Denne yogaen passer for alle!

Hugs eiga matte, drikkeflaske og gode varme klede til å ta på mot slutten av timen.

Hanguren Yoga
Laurdag 9.november frå kl 10.30- 11.30
Laurdag 23.november frå kl 10.30- 11.30
Laurdag 21.desember frå kl 10.30- 11.30
Laurdag 28.desember frå kl 10.30- 11.30.

Oppmøte: Møterommet i 2.etg på Hangurstoppen restaurant, seinast 10 min før timen startar.
Pris: 100 kr vippsast instruktøren. Bindande påmelding. Max 15 plassar. For å sikre deg plass på timen oppmodar me om at instruktøren vippsast 100kr  (Hilde Hamre tlf:  95935817) Hugs å skrive dato på timen du ynskjer vera med på. Dersom timen vert full, legg me ut melding på nettsida og Facebook eventa.

* Merk at eventuell gondolbillett kjem i tillegg.

Velkomen til Hanguren Yoga. Me gler oss til å sjå deg!

 

Andre arrangement

  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »
  • 31. Desember - 01. Januar, 17.30 - 02.00

    Nyttårsfeiring på Hangurstoppen

    Velkomen til nyttårsfeiring på Hangurstoppen! Bli med på 4-rettars middag med vinpakke, fest eller begge deler!

    Les meir »