01/05/2021 > 17/10/2021, Kvar dag

Hengekøye-glamping på Hanguren

Kva er vel betre enn å sove ute i hengekøye med panoramautsyn over Vossabygda?


Hengekøyeovernatting på Hanguren

Tenk å henge og dingle med beina over Voss i godt selskap, med ei god bok, eller bare kvile og drøyme seg vekk med den flotte utsikta. Voss Resort har hengt opp ti hengekøyer i svalgangen på terrassen til «gamle› Hangursrestauranten. Under tak!  

Ta med deg kjærasten og bu her heilt aleine, eller få med deg heile vennegjengen! Tilbodet høver også godt for vennefamiliar som har lyst å gjere noko kjekt i lag.

 

Pris

Enten ein leiger to hengekøyer eller alle ti, så er prisen den same; kr 2000,-. Merk at gondolbilletten kjem i tillegg dersom du ikkje allereie har det. Alle som booker hengekøyeovernatting får kjøpe gondolbillettar tilknytt overnattinga til 50% rabatt av ordinær pris. Promokode med rabatt får du tilsendt på epost etter bestillinga er gjort. Kjøp deretter billett online på www.vossgondol.no  

Bestill hengekøyeovernattinga di her

 

Du får tilgang til; 

  • Eksklusiv tilgang til svalgangen, hallen og toaletta på «gamle» Hangursrestauranten. Det er laga til eit avgrensa område, med kodelås for kome deg inn. Døra kan også låsast frå innsida.
  • 10 hengekøyer ferdig montert i svalgangen. Her har du tak over hovudet, men er likevel utandørs med fantastisk utsyn over Voss. De kan også nytte eiga hengekøye dersom ynskjeleg.
  • Tilgang på varmt og kaldt vatn.
  • Eksklusiv tilgang på ein koseleg lounge med utsikt i hallen med skinnfeller og stemningsfulle lys frå solcelle lampar. Me har også separate bord og benkar til å nyte mat.
  • Tilgang på nistedelen av restauranten innomhus. Her er det bord og benkar.


Praktisk informasjon

  • Online bestilling og betaling av hengekøye overnatting
  • Innsjekk og utsjekk gjer ein på eiga hand på «gamle» Hangursrestauranten. Dagen før ankomst får de tilsendt kode til døra, samt praktisk informasjon. Innsjekk frå kl 15.00 ankomstdagen. Utsjekk seinast kl. 11.00 avreisedagen. Det er ein flott terrasse utanfor “glampingområdet”, der ein kan nyte frukosten dersom ein søv lenge.
  • Grunna brannvern er det ikkje tillatt med grill eller minigrill. Me oppmoder om å nytte primus til matlaginga.
  • Me minner om bålforbudet som gjeld mellom 15.april og 15.september, samt bandtvang for hundar. 
  • Den som bestiller er ansvarleg for gruppa som skal overnatte, samt at smittevernreglane vert overholdt i gruppa. Ansvarleg bestillar er også ansvarleg for at hengekøyene, lyslyktene og anna utstyr er i orden ved utsjekk. Dersom ting vert øydelagde er vert kostnaden fakturert ansvarleg bestillar.
  • Rundt Hanguren er det nydeleg turterreng med merka T-stiar og rundløyper. Kva med eit kveldsbad i Valbergstjørni ved Røde Kors hytta? Eller last ned KulTur appen til DNT med kjekke aktivitetar for borna.


Tilkomst

Det er cirka ein kilometer å gå kortaste vegen frå Hangurstoppen (topp stasjonen Voss Gondol) til Hangursrestauranten. Du kan gå langs grusveg heile vegen, sjølv om det mest naturlege er å gå på stien som leder ned til Hangursløypa (skibakken). 
Ein kan også gå fine omvegar til hengekøyeovernattinga frå Hangurstoppen langs koselege stiar via Røde Kors hytta og Skutsgardstjørni. Andre tilkomstar til Hangursrestauranten er enten å gå opp den bratte stien frå Mølstertunet/Voss Folkemuseum eller frå Raugstad. Det er T-merka stiar til Hanguren frå begge plassar.
Det er ikkje mogleg å køyre bil til Hangursrestauranten.


Pakkeliste

  • Sovepose og liggeunderlag. 
  • Mat og drikke.
  • Gode sko og sokkebyte.
  • Klede etter ver til turen ned frå Hangurstoppen. Hugs at sommarnettene også kan vera kalde. Hangursrestauranten ligg på 660 moh. Her det som regel 3 grader kaldare enn i Voss sentrum.
  • Varme klede. Hugs at det kan bli ganske kaldt også på seinsommaren, og spesielt på natta. Ull er gull!
  • Hodelykt eller lommelykt. Det blir mørkt på kvelden.


Tilleggstips

  • Ta gjerne med sovemaske dersom du er ømfinteleg for lys på natta.
  • Ta med myggsalve eller spray.
  • Barnelegeforeninga oppmoder sterkt  om at små barn under 1 år ikkje bør sove i hengekøye, grunna fare for krybbedød.
  • Ta gjenre med kortstokk eller andre spel. Me tek smittevern på alvor og låner dessverre ikkje ut dette.


Korona- og smittevernstiltak

  • Alle hengekøyene vert desinfiserte kvar dag etter bruk. Gjester er velkomne til å nytte eigne hengekøyer.
  • Vårt reingjeringspersonale utfører nøye vask av toaletta og overflatar som gjestene våre nyttar etter kvar booking.
  • Me oppmodar om at alle våre gjester etterlever oppmodinga frå FHI om 1.meters avstand og dei gjeldande smittevernreglar som til ei kvar tid gjeld.


Avbestillingsreglar

Ved avbestilling av opphaldet tidlegare enn 3 dagar før ankomst, blir betalinga refundert, minus eit avbestillings-/administrasjonsgebyr på kr. 200,- pr.natt. Ved avbestilling mindre enn 3 dagar før ankomst, beheld utleigar heile det innbetalte beløp.

Andre arrangement

  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebberebus

    Grebbe har laga klar to kjekke rebusløyper til deg. Ei i Panoramaløypa og ei i Grebbeløpa. Begge med start frå Hangurstoppen. God tur!

    Les meir »
  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebbes TurBingo

    Grebbe er veldig glad i å gå tur. Han syns det er endå kjekkare når han kan leite etter ting han finn i naturen. Prøv Grebbe sin TurBingo i sommar, du og!

    Les meir »
  • 09. Juni - 01. November

    Instaspot - fotorammer

    På jakt etter det perfekte instaspot? No treng du ikkje leite lenger! Prøv fotorammene våre på Hangurstoppen!

    Les meir »
  • 10. Juni - 01. November

    Instaspot - Husko

    Kom og prøv husko vår! Her får du fantastisk utsikt, kanskje litt sug i magen og eit utruleg bildemotiv - alt i eitt!

    Les meir »
  • 09. August - 13. August, 08:30 - 15:30

    Grebbe Sommerferieklubb

    Me ynskjer uteglade barn i alderen 7- 10 år (må fylle 7 år i løpet av 2021) velkomen til ei kjekk og aktiv veke på Hangurstoppen! Påmeldinga er opna - første mann til mølla!

    Les meir »
  • 26. November - 11. Desember, 18:30 og 19:30

    Julebord på Hangurstoppen Restaurant

    Velkomen til julebord, 820 m.o.h.! Me serverer 4-retters julemiddag, med fokus på kortreiste og lokale råvarer.

    Les meir »