26/11/2021 > 11/12/2021, 18:30 og 19:30

Julebord på Hangurstoppen Restaurant

Velkomen til julebord, 820 m.o.h.! Me serverer 4-retters julemiddag, med fokus på kortreiste og lokale råvarer.

Me ynskjer firma, grupper og individuelle hjarteleg velkomen til julebord på Hangurstoppen Restaurant i 2021.


Meny: 

Forrett 1

Einerøykt regnbueørret fra Leiren laks, peppermakrell, røkt blåkveite, sjøkreps, krabbesalat, eggerøre, potetsalat, ørretrogn, rug og flatbrød (sennepssaus, rømme og majones)


Forrett 2

Sylteflesk fra Smalahovetunet, fenalår fra vossakjøtt, westfaler spekeskinke, kalkunbryst, mårsnabb servert med coleslaw, waldorf, tomat salat, pickles og surdeigsbrød


Hovedrett

Pinnekjøtt fra Smalahovetunet, ribbe, kålrotstappe, medisterkaker, julepølse, rødkål, surkål, julesaus og poteter


Dessert

Krumkake med multekrem, sjokolademousse med appelsincoulis, makron, eplekompott med pepperkakecrumble og tyttebærkrem


Tid: 

Kvar fredag og laurdag frå 26. november til 11. desember.
Bordsete kl 18.30 og 19.30. 


Pris:

Kr. 895,- per person inkl. gondol t/r.


Praktisk informasjon: ​

  • Antrekk: Pent. Kle deg gjerne godt, då det kan vera litt kjølig i gondolen.
  • Garderobe på eige ansvar på Hangurstoppen. 
  • Det er ikkje mogleg å ta seg ned i Bavallen på ski/til fots under julebord. Gondolbana må nyttast for både opp- og nedtur. Dette mellom anna av sikkerthetsmessige årsaker.
  • 20 års aldersgrense.


Bestilling:

Julebord må bestillast på førehand. Send epost til post@vossgondol.no for bordreservasjon.
NB! Har du allergier så gje oss gjerne beskjed om dette seinast ei veke før ankomst. 

Andre arrangement

  • 01. Mai - 17. Oktober, Kvar dag

    Hengekøye-glamping på Hanguren

    Kva er vel betre enn å sove ute i hengekøye med panoramautsyn over Vossabygda?

    Les meir »
  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebberebus

    Grebbe har laga klar to kjekke rebusløyper til deg. Ei i Panoramaløypa og ei i Grebbeløpa. Begge med start frå Hangurstoppen. God tur!

    Les meir »
  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebbes TurBingo

    Grebbe er veldig glad i å gå tur. Han syns det er endå kjekkare når han kan leite etter ting han finn i naturen. Prøv Grebbe sin TurBingo i sommar, du og!

    Les meir »
  • 09. Juni - 01. November

    Instaspot - fotorammer

    På jakt etter det perfekte instaspot? No treng du ikkje leite lenger! Prøv fotorammene våre på Hangurstoppen!

    Les meir »
  • 10. Juni - 01. November

    Instaspot - Husko

    Kom og prøv husko vår! Her får du fantastisk utsikt, kanskje litt sug i magen og eit utruleg bildemotiv - alt i eitt!

    Les meir »
  • 09. August - 13. August, 08:30 - 15:30

    Grebbe Sommerferieklubb

    Me ynskjer uteglade barn i alderen 7- 10 år (må fylle 7 år i løpet av 2021) velkomen til ei kjekk og aktiv veke på Hangurstoppen! Påmeldinga er opna - første mann til mølla!

    Les meir »