02/08/2021 > 06/08/2021, kvar dag 09.00-15.00

VossaCampen veke 31

Har du uteglade born som skal starte i 5.trinn- 7.trinn på skulen hausten 2021? FBK Voss og Voss Resort inviterer til VossaCampen 2021 i veke 31.


Gjennom prosjektet frå Voss Herad, Sommarskulen 2021, inviterer me til ei knallkjekk aktivitetsveke frå 2. til 6. august.

Målet vårt er å gje borna mogleiken til å sjå og oppleve mange av aktivitetane bygda vår tilbyr. Me har flinke og erfarne instruktørar som har fokus på allsidige, leikprega aktivitetar for ungane, heile veka.

VossaCampen er GRATIS å delta på, men krev påmelding.
Alle borna som melder seg på må vera med alle dagar. 

Påmelding her

 

Program

Mandag 2.august: Velkomen til VossaCampen. Bli-kjent-dag og aktivitetar i nærområdet rundt idrettshallen.
Tysdag 3.august:  Aktivitetar på Hangurstoppen. Me tek gondolen opp og ned.
Onsdag 4.august: Sykkeltur rundt Vangsvatnet.
Torsdag 5.august: Voss Golf og Fotballgolf på Eenstunet
Fredag 6.august: Aktivitetar på Prestegardslandet. Grilling. 
 

Oppmøte og henting

Alle dagar i underetasjen til Voss Idrettshall. 
Aktivitetane starter kvar dag kl 9.30 og vert avslutta kl 14.30. Borna må hentast eller gå/sykle heim att sjølv seinast kl 15.00.


Praktisk informasjon

Me sender ut nærmare praktisk informasjon til alle deltakarar i starten på juli 2021.

VossaCampen fylgjer sjølvsagt gjeldande smittevernreglar i høve Covid-19. Me har fokus på smittevern og hygiene. Alle aktivitetane foregår utandørs. Borna vil bli delt i mindre grupper fordelt på alder gjennom veka.


Spørsmål?

Kontakt Guro Øvsthus,Voss Resort; guro@vossresort.no eller
Silje Hauge i FBK Voss; kontor@fbkvoss.no 

 

 

Andre arrangement

  • 01. Mai - 17. Oktober, Kvar dag

    Hengekøye-glamping på Hanguren

    Kva er vel betre enn å sove ute i hengekøye med panoramautsyn over Vossabygda?

    Les meir »
  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebberebus

    Grebbe har laga klar to kjekke rebusløyper til deg. Ei i Panoramaløypa og ei i Grebbeløpa. Begge med start frå Hangurstoppen. God tur!

    Les meir »
  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebbes TurBingo

    Grebbe er veldig glad i å gå tur. Han syns det er endå kjekkare når han kan leite etter ting han finn i naturen. Prøv Grebbe sin TurBingo i sommar, du og!

    Les meir »
  • 09. Juni - 01. November

    Instaspot - fotorammer

    På jakt etter det perfekte instaspot? No treng du ikkje leite lenger! Prøv fotorammene våre på Hangurstoppen!

    Les meir »
  • 10. Juni - 01. November

    Instaspot - Husko

    Kom og prøv husko vår! Her får du fantastisk utsikt, kanskje litt sug i magen og eit utruleg bildemotiv - alt i eitt!

    Les meir »
  • 26. November - 11. Desember, 18:30 og 19:30

    Julebord på Hangurstoppen Restaurant

    Velkomen til julebord, 820 m.o.h.! Me serverer 4-retters julemiddag, med fokus på kortreiste og lokale råvarer.

    Les meir »