5 ting du ikkje visste om den nye gondolen

Lurer du på korleis den nye gondolbanen skil seg frå ærverdige Dinglo og Danglo? Eller kva som vil gjere turen til ei spesiell oppleving? Me har samla fem interessante fakta om gondolbanen som opnar på Voss sommaren 2019.

1) Den nye gondolbanen er den største og meste moderne banen i Nord-Europa
Den nye gondolbanen er ein såkalt 3S bane, noko som betyr at den går på tre vaierar, to bæretau og eit trekktau. Det gjer den svært stabil, samanlikna med gondolar som vanlegvis heng på ein kabel. Banen har eit fritt spenn på 900 meter frå nedre stasjon til første masta. Det er berre to typar heis som kan ha så lange spenn, og det er ein gondolbane med mange kabiner på same bæretau, som den nye gondolbanen på Voss, eller ein svevebane, som er ein gondol som går opp samstundes som den andre går ned, som for eksempel Ulriksbanen.
 

2) Ni gondolar med mangedobla kapasitet
Banen får ni ulike gondolar (kabinar) som tar 34 personar kvar, og vil dermed ha kapasitet til å frakta 1069 personar i timen kvar veg. Maksimal kapasitet er på 1544 personar i timen kvar veg. Til samanlikning hadde Dinglo og Danglo kapasitet til å frakta 25 personar i kvar vogn med vognførar, eller 15 personar utan førar. Maksimal kapasitet var på 350 personar i timen kvar veg.


3) Den nye gondolbanen er 2020 meter lang
Dette er 1126 meter lengre enn den gamle Hangursbanen. Nedre stasjon blir på Voss Jernbanestasjon, og øvre stasjon på Hangur (820 moh), like ved der som Expressheisen kjem opp frå Bavallen. Reisetid er berekna til seks minutt og 48 sekund kvar veg.

4) Plasseringa på jernbanestasjonen er unik i Nord-Europa
Den nedre stasjonen til gondolbanen blir i trafikk-knutepunktet med buss, tog og taxi på Voss Jernbanestasjon, noko som gjer det svært lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvennlig vis. Rulletrapper og heis tar deg frå jernbana til påstigning av gondolen. Dersom du kjem frå Bergen stasjon, vil det ta deg 1,5 time frå du går om bord på toget i Bergen, til du er på Hanguren klar til spennande opplevingar både sommar og vinter.


5) Gondolfargane skal heidra gamle Dinglo og Danglo
For å føra vidare noko av det gamle og kjente frå Hangursbanen, som var eit landemerke på Voss i over 50 år, blir fem av gondolane målt i samme farge som den raude Dinglo, og fire vert målt i gul som var den opphavlege fargen til den gamle Danglo.

Andre nyheter

  • Offisiell opning av Voss Gondol

    Torsdag 26. september er den offisielle opninga av Voss Gondol. Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til lett underhaldning og snorklipping på nedre stasjon frå kl. 11:45 – 12:30. Utover dagen og på kvelden vert det to lukka arrangement for inviterte gjester på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir her

  • Namn på gondolkabiner

    Etter stort engasjement rundt namn på gondolbabinene er dei 9 namna klare! 

    Les meir her

  • Opning av Voss Gondol

    ​10. juli 2019, kl. 10:00 opna Voss Gondol! Første offiselle tur var litt før kl. 11. Sjå bilete og video frå opninga her. 

    Les meir her