Kari Traa Kari Traa

Dinglo og Danglo lærde meg skiglede - Kari Traa

Tidligere OL-meister og verdsmeister i kulekøyring, Kari Traa, har mange gode barndomsminne frå tida då ho tok Dinglo og Danglo til fjells. No håpar ho at den nye gondolbanen vil gje barn og unge like fine naturopplevingar.  

Kari Traa vaks opp i gåavstand frå Dinglo og Danglo, og kvar helg tok ho skia på ryggen og gjekk til gondolen. På vegen plukka ho gjerne opp ein venninne.
– Vi kom alltid litt tidleg, for vogna tok jo berre 25 personar, så det gjaldt å vera først i køa, seier ho.
Vel oppe på Hangurstoppen koste dei seg på ski heile dagen. Då det var på tide å koma seg ned igjen, var dei ikkje like interessert i å stå i den lange køa, så då kjøpte dei seg alltid ein mjølkesjokolade.

Eg hugsar at vi la den på ovnen, så sat vi der og åt smelta sjokolade medan køa gjekk forbi. Vi tok alltid siste vogna ned der vi vart henta av fattern og muttern i Amazonen.

Kari Traa

Vemodig

Då skientusiasten høyrde at Dinglo og Danglo skulle fjernast, synast ho det var både trist og vemodig.
– Eg var blitt så glad i Dinglo og Danglo. Kvar vinter, helg og ferie var eg oppe på toppen. Eg synest det er trist med forandring, og eg har alltid vore glad i gamle ting, og det og halda liv i historia. Men eg forstår sjølvsagt at noko må ta slutt når det er gammalt og utdatert, seier ho.
Traa var faktisk den siste som kjøpte billett då Dinglo og Danglo gjekk til toppen for siste gong.
– Det heile var litt tilfeldig, men det er jo veldig stas når eg tenkjer på det, smiler ho. 


Bra for turistnæringa

Ein ny gondol trur Traa vert bra for heile bygda, spesielt med tanke på ekstremsportmiljøet.
– Vi er jo ei ekstremsportbygd, og vanlegvis er det full aktivitet med paraglidarar på toppen, men no er det ganske stille medan byggeprosessen føregår. 44-åringen trur at gondolen òg vil gje turistnæringa eit løft, spesielt med tanke på nærleiken til Myrkdalen.
– Å ha to gode skianlegg så nært kvarandre blir veldig bra. Dei vil konkurrera og dermed byggja kvarandre opp, noko som aukar totalmarknaden. Eg trur gondolen vil føra til stor trafikk både sommar og vinter. I tillegg vert det lett for bergensarar og turistar å koma med toget, stiga over i gondolen og koma seg raskt til fjells, seier ho.


Fantastiske skiområder for barn

Kari Traa er i dag mor til Hedda (7) og Silja (5) og ho tek dei ofte med på ski. No gleder ho seg til meir tid saman med borna der ho sjølv stod på ski som liten.  

På Hangurstoppen er det fantastiske skiområder for barn. Det var her eg lærde å elska å stå på ski og vera ute i naturen. No som eg har eigne ungar, ynskjer eg at dei skal få oppleva det same som meg.

Kari Traa

I tillegg til sunn mat til borna i restauranten, ynskjer den kjende vossingen seg høve til å leiga skiskap på toppen.
– Då kan til dømes ungdomar sykla til banen etter skulen, og spenna på seg skia når dei kjem opp. Det vert òg lettare for oss småbarnsforeldre som slepp å ha med masse utstyr. På den måten vert terskelen for å nytta seg av dei fantastiske naturområda lågare, seier ho.

Andre nyheter

  • Offisiell opning av Voss Gondol

    Torsdag 26. september er den offisielle opninga av Voss Gondol. Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til lett underhaldning og snorklipping på nedre stasjon frå kl. 11:45 – 12:30. Utover dagen og på kvelden vert det to lukka arrangement for inviterte gjester på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir her

  • Namn på gondolkabiner

    Etter stort engasjement rundt namn på gondolbabinene er dei 9 namna klare! 

    Les meir her

  • Opning av Voss Gondol

    ​10. juli 2019, kl. 10:00 opna Voss Gondol! Første offiselle tur var litt før kl. 11. Sjå bilete og video frå opninga her. 

    Les meir her