Ein heis - mange aktivitetsmuligheiter
Treng du tips til noregsferien? Her er tre gode grunnar til å legge inn ein topptur med Voss Gondol i sommar.
Ein tur med Voss Gondol er mykje meir enn kun ein heistur. Det er opplevingar litt utanom det vanlege, enten du ønskjer å bytte utsikt nokre timar eller planlegg ein heil dag fullpakka med aktivitetar. Her er tre opplevingar verdt å få med seg:
1. Gode matopplevingar med eineståande utsikt
Hangurstoppen Restaurant har kanskje Noreg si vakraste utsikt der den ligg ved toppstasjonen til Voss Gondol, 820 meter over havet. Store vindaugsflater og eit flott uteområde gjer at naturen blir ein del av måltidet og verkeleg gir deg følelsen av at du er på høgfjellet.

På kjøkkenet er det fokus på kortreist og ujålete mat laga frå botnen av. Den enkle og rustikke menyen er full av herlege smakar, er tilpassa sesong og lagast med lokale råvarer. Her finn du varme og kalde rettar, nysteikt bakst og påsmurte freistingar, og sjølvsagt forfriskande drikke.
Menyen på Hangurstoppen Restaurant er full av herlege smakar, er tilpassa sesong og lagast med lokale råvarer.
Det er ingen kvite dukar eller stive snippar, kun nydeleg heimelaga mat som smakar like godt uansett om du er kledd i dress eller anorakk.
Vil du nyta gode matopplevingar med eineståande utsikt i sommar?

2. Topptur med kvilepuls
I samband med gondolbanen sin toppstasjon er det laga en flott tursti, Hanguren Panorama. Både gondolane og Hanguren Panorama er tilrettelagt for familiar med og utan barnevogn, og rørslehemma.
Den lette turstien er ein kilometer lang og har fleire utkikspunkter undervegs. Her kjem du tett på naturen, og kan ta inn omgjevnadane frå eit litt anna perspektiv enn du vanlegvis gjer. Det er vanskeleg å ikkje la seg imponere over utsynet til dei majestetiske Vossafjella.

Rundstien er også startpunkt for paraglidarar, så her kan du stå på første rad og sjå utøvarane i det dei sklir utanfor kanten. Det er ikkje fritt for at pulsen kan auke litt berre ved synet.
3. Fjelltur for dei aktive
Frå Voss Stasjon tek det under ni luftige minutt med Voss Gondol til Hangurstoppen, det perfekte startpunktet for en aktiv dag i fjellet. Herifrå går det guida fotturar, du kan trø på merka tursti, vandre kilometer etter kilometer for å kome deg på fjelltoppen Lønahorgi (1410 m.o.h), dra på stolpejakt og eller utforske rebusløype saman med barna. Sjekk aktivitetskalenderen for full oversikt.

Gondolane har god kapasitet, og det er blant anna enkelt å få med seg syklar for dei som vil utforske fjellet på to hjul. Her ligg det til rette for mykje moro stisykling og du kan gjerne ta med familien på tur – frå toppen går det også ei fin løype gjennom alpinanlegget, via Tråstølen og Bavallen, ned til Voss sentrum.
På under ni minutt kjem du deg frå Voss Stasjon til Hangurstoppen, 820 meter over havet – det perfekte startpunktet for en aktiv dag i fjellet.
For dei litt meir vågale er Hangurstoppen også eit populært utgangspunkt for paragliding. Ved å ta gondolbana til toppen har du enkelt tilgang til dei to startpunkta, i tillegg til gode forhold med 600 meters høgdeforskjell og distansemulegheiter i fleire retningar.

Miniferie på Voss
Dersom du syns alt dette høyres spennande ut og ikkje klarar å velje, kan du jo planleggje fleire dagsturar til Hangurstoppen i løpet av sommaren. Her kan du kjøpe både sesongkort, ambassadørkort og dagskort til banen.
Eller du kan gjere alt på ein gong og legge opp til ein miniferie på Hangurstoppen. Voss Gondol og Voss Resort har skreddarsydde overnattingsmulegheiter, med alt frå hytteutleige til overnatting i hengekøye for heile familien. Elskar du å sove i hengekøye? Les meir om vårt splitter nye overnattingstilbod her.