Informasjon vedr. koronaviruset
Voss Gondol og Voss Resort føl til ei kvar tid FHI sine retningslinjer. Det er viktig at våre gjester bidreg til å følge desse. Vennligst merk at våre tiltak kan endra seg, basert på utviklinga i samfunnet og kva råd som kjem frå FHI og bransjen.
Oppdatert melding 17. november 2020.
Per i dag er det ikkje begrensa kapasitet på gondolbana og det er difor ikkje nødvendig å tinga gondolbillettar før ein kjem. Me oppmodar likevel alle som kan til å kjøpe sine billetter på nett, for å redusera smittefaren.
Våre smittervernstiltak for Voss Gondol
Me føl til ei kvar tid FHI sine retningslinjer og har utarbeida og implementert ein god smittervernplan for både gondol og restaurant. Det er viktig at våre gjester bidreg til å følge desse.
Våre konkrete tiltak er;
- jevnlig reingjering av alle kontaktpunkt og overflater
- antibac stasjoner både på nedre og øvre stasjon
- redusert antal gjester i kvar gondolkabin, maks 10 stk (gjeld ikkje familie og same reisefylgje)
- 1 meter avstand mellom gjester
- redusert kapasitet på restaurant, bar og terrasse
- ingen buffet
- registrering av alle gjester på restauranten, for smittesporing
Me ber deg om å;
- halde deg heime om du ikkje er frisk. Adgang forbudt også om du er i karantene.
- ha god håndhygiene når du kjem og når du går
- hoste/ nyse i alboge eller papir
- halde avstand til andre og vis hensyn
- helst kjøpe gondolbillett på nett. Dersom du kjøper billett i billettluka, ynskjer me helst at du betaler med kort.
- betale med kort i restauranten
Våre smittervernstiltak for Voss Resort/skianlegget
Sjå våre tiltak for skisesongen 20/21 her
Bestillingsvilkår
For sesongen 20/21 har me eigne refusjonsordningar for sesongkort/heilårskort, knytt til covid-19.