Jula på Hangurstoppen 2020
Voss Gondol og Hangurstoppen Restaurant er open kvar dag i jula! Det er god plass på Hangurstoppen og trygge rammer for å samla vener og familie hjå oss.
HANGURSTOPPEN RESTAURANT
Restauranten er open kvar dag. Her er det lun og koseleg atmosfære og ein får servert gode rettar til både store og små.
Me følgjer alle smittevernstiltak og har god avstand mellom bord og stolar. Servering skjer ved borda og de bestiller sjølv det de ynskjer av mat og drikke via https://ordr.no/hangurstoppen-voss.
Ein må benytte plassen ein er tildelt – det er ikkje mogleg å vandre rundt i lokalet.
På dagtid er det ingen bordreservasjon. 26. – 30. desember har me utvida opningstid.
Desse dagane må ein førehandstinga bord frå kl. 17 for å få plass i restauranten. Det er og 20-års aldersgrense. Ynskjer du noko lite å bita i desse kveldane, så tilbyr me ein nydeleg “Hangurstapas” med følgjande godt på tallerken;
- Westfaler spekeskinke, fenalår og spianata frå Vossakjøt, Myrdal kvitost, lun Västerbottenpai, kyllingvinger, marinerte oliven, rista nøtter, surdeigsbrød, flatbrød, urterømme med kvitløk, chimichurri. Pris kr 195,-. Denne må og førehandstingast.
Ting bord og evt. “Hangurstapas” ved å sende epost til post@vossgondol.no. Hugs å leggje ved følgjende informasjon:
- Navn, tlf nr., antall personar, ankomsttid restaurant, antall som ynskjer mat, evt. allergi
- Legg og ved om de kjem som ein kohort eller om det skal vera 1 meter avstand mellom dykk
VOSS GONDOL
Gondolbana vil gå kvar dag. Me har redusert antal personar i ei kabin til maks 10 personar grunna smittevern. Utanom dette har ikkje gondolbana noko begrensning på kapasitet og ein treng ikkje å førehandstinga billettar. Me oppfordrer derimot sterkt å kjøpe gondolbillettar på nett, for å redusera smittefaren. Ved online bestilling får ein 50% rabatt på tur/retur og enkelttur (rabatten gjeld ikkje på familiebilletten som allereie er rabattert).
Har du tinga plass på restauranten etter kl. 17, så kan du kjøpe kveldsbilletten vår til kr. 150,-.
Minner og om at sesongkort og ambassadørkort kan nyttast, heile dagen.
OPNINGSTIDER
LANGRENN
På Hangurstoppen er det førebels laga til ei turløype. Frå løypa har du vakker panoramautsikt over Vossafjella! I Hanguren Panorama finn du og ein “Grebberebus” for dei minste.
SKIANLEGGET
Skianlegget opna 28. desember. Me anbefaler alle å lese gjennom viktig informasjon om sesongstart og adgang til skianlegget på vossresort.no, før dei kjem. Då forhindrer ein evt. bomtur.
VÅRE SMITTEVERNTILTAK
Me følgjer til ei kvar tid dei råd og retningslinjer som kjem frå FHI og bransjen. Det er viktig at våre gjester bidrar til å følgja desse.
Sjå meir om våre smitteverntiltak her