Namn på gondolkabiner
Etter stort engasjement rundt namn på gondolbabinene er dei 9 namna klare!
Over 2000 stemmer kom inn når me, i samarbeid med Avisa Hordaland, inviterte lesarane til å koma med forslag til namn på fjell som skulle pryda gondolkabinene. Namna vart avduka under opningen av Voss Gondol, 10. juli.
Dei ni fjelltoppane vart som følger:
- Lønahorgi (285 stemmer)
- Horndalsnuten (258 stemmer)
- Gråsidetoppen (244 stemmer)
- Kvitanosi (242 stemmer)
- Hangur (234 stemmer)
- Oksen (201 stemmer)
- Grønahorgi (176 stemmer)
- Karaldenuten (133 stemmer)
- Olsskavlen (131 stemmer)
I tillegg har ei gul og ei raud kabin fått namna Dinglo og Danglo, i tillegg til fjelltoppane.
Me takker so mykje for mange gode forslag og flott engasjement!