Utsikt frå hytte i Bavallen. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Utsikt frå hytte i Bavallen. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Noregsferie på Vestlandet? Hjå Voss Resort bur du midt i smørauget

Dette er sommarhyttene for deg som vil oppleve idyllisk noregsferie på Vestlandet, med tilgang til «alt»!

Bygda som har alt

Uansett om du er ny eller ekspert på å feriere i eige land, er det ein ting dei fleste set pris på, tilgong på det du treng når du trenger det. Legg du sommarferien til Voss Resort får du verkelig kjensla av mektig norsk natur samstundes som du har så og sei alt i umiddelbar nærleik. I Voss sentrum, berre få minutt med bil frå hytteområdet Voss Resort, finn du matbutikkar med stort utval og spesialbutikkar med kortreiste delikatesser. Du finn også ein rekke stader å ete, shopping i handlegate og senter, Vinmonopol og sportsbutikk for det du skulle ha gløymt eller plutselig treng.

Kort fortalt finn du alt du har behov for akkurat her. Også uendeleg med aktivitetar for deg som er på utkikk etter ein aktiv ferie med familie, vener eller kjærast.

Prøv ein av dei mest populære aktivitetane på Voss; rafting! Her er og familierafting - ein perfekt sommaraktivitet for familien. Foto: Voss Active Prøv ein av dei mest populære aktivitetane på Voss; rafting! Her er og familierafting - ein perfekt sommaraktivitet for familien. Foto: Voss Active

​Vossabygda er kjend for ekstremsport og fantastiske naturopplevingar. Lista over ting å gjere er lang; her kan du blant anna driva med rafting, fallskjerm og paragliding, sykling samt vandre på ei rekkje flotte fjellturar. I tillegg kan du fly i vindtunnel, oppleve familierafting, leige kajakk og kano, dra i klatreparken eller bade innandørs i Vossabadet.  

Les også: Opplev sommarens enklaste fjelltur

Storslått utsikt frå Hanguren Panorama - kort avstand frå hyttefelta. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Storslått utsikt frå Hanguren Panorama - kort avstand frå hyttefelta. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Frå mektig natur til praktisk sentrumskjerne

Berre få minutt frå Voss sentrum kan du bu i storslagne omgjevnader ved Voss Resort.

Ein tur hit gjer det fort forståeleg kvifor turistar frå heile verda vel å ferie på Vestlandet.

I resorten er det tre hyttefelt av høg kvalitet, der dei fleste har kabel-TV, fliselagde bad, vaske- og oppvaskmaskin, kjøleskap med frys, komfyr samt dyner og puter. Det er hytter i ulik storleik som egnar seg uansett om du bestiller som par, familie, små grupper eller opp til 10 personar.   

Felles for alle områda er at det er god tilkomst med bil, hytten ligg like ved fjellet og dermed har du naturen rett utanfor hyttedøra samstundes som dei berre ligg fem kilometer frå Voss sentrum. Og ikkje minst så ligg hyttene sentralt til om ein ynskjer utflukter for å oppleve dei fantastiske vestlandsfjordane som Sognefjorden, Hardangerfjorden og den unescolista Nærøyfjorden. Voss er også eit knutepunkt for dei som seinare vil reise vidare for eksempel med tog til Bergen, Oslo eller Flåm.

Du kan velje å bu i hytter og leilegheiter i Bavallslia, Bavallstunet og Tråstølen.

 

 

Opplevingar for store og små

Eit av trekkplastra for deg som ønskjer å både oppleve og overnatte på Vestlandet, er den moderne gondolbanen Voss Gondol. I store, nye kabinar fraktast de 820 meter over havet til spektakulære Hangurstoppen på under ni minutt.

Her kan du tilbringe dagen i slåande norsk natur i ditt eige tempo. På sommaren er det dagleg familievennlig bingo og rebus som bokstavelig talt gjer turen til ein leik. Her ligger også Hangurstoppen Restaurant med 450 sitteplasser. Menyen er sesongbasert, enkel og rustikk, og også her får du utsikt så langt auge rekk.  


Les også: Ein heis – mange aktivitetsmulegheiter

Hangurstoppen og Hangurstoppen Restaurant, 820 m.o.h. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Hangurstoppen og Hangurstoppen Restaurant, 820 m.o.h. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Og skulle du trivast så godt på Hanguren at du gjerne skulle blitt verande, er alt tilrettelagt for det. Her fins hengekøye-glamping med panoramautsikt over Vossabygda – men ikkje gløym å leggje inn reservasjon på førehand.

Hengekøye-glamping på Hanguren! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Hengekøye-glamping på Hanguren! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Klar for å reise?

Book di overnatting her

Andre nyheter

  • Opplev sommarens enklaste fjelltur

    Frå Bergen sentrum til 820 meter over havet på 90 minutt – utan å bli sveitt! På Voss kan du bli med på ein av dei flottaste og enklaste fjellturane i sommar.

    Les meir her

  • Sov i hengekøye: Slik har du neppe overnatta på Voss før

    Lyst til å gjere noko heilt spesielt i sommar? Kva med å nyte ei dei flottaste utsiktene Noreg har å by på mens du dinglar i ei hengekøye?

    Les meir her

  • Ein heis - mange aktivitetsmuligheiter

    Treng du tips til noregsferien? Her er tre­­ gode grunnar til å legge inn ein topptur med Voss Gondol i sommar.

    Les meir her