Nytt samlingspunkt på Voss

Med eit fjell av aktivitetsmoglegheitar og Voss sin største restaurant, vonar med Hangurstoppen vert eit nytt samlingspunkt på Voss. 

Voss Gondol og Hangurstoppen Restaurant skal vera open heile året. Me skal tilretteleggje for gode opplevingar og eit innhaldsrikt aktivitetsprogram for vossingar, hyttefolk og tilreisande gjester frå inn- og utland, gjennom alle sesongar. 


Meir enn berre eit vintereventyr

I tillegg til mange fine merka turløyper i området, byr ei 800 meter lang rundløype på vakker panoramautsikt over Vossafjellet med oversikt over Vangsvatnet og Voss sentrum. Denne turen passar for alle målgrupper, med eller utan barnevogn. Kvar dag heile sommaren inviterer Voss Resort til ein halvannan time guida rundtur på Hanguren, kor ein vandrar gjennom det vakre kulturlandskapet medan ein lærer om den norske friluftstradisjonen, stølslivet og lokal kulturhistorie.


Sykkel og rappellering

Hangurstoppen egnar seg ikkje berre for skientusiastar eller turgåarar. Om du er glad i sykkel kan du ta med deg sykkelen på gondolen, for så å sykle ned til Vangen via Tråstølen og Bavallen.

Vil du prøva ei litt “tøffare” oppleving, så kan rappellering vera noko for deg. Saman med Vossamoro inviterer me rappellering på Valberg, om lag 15 minutts gange frå øvre stasjonen til Voss Gondol. Den høgste og lengste rappellen vert heilt spektakulær med sine 50 meter. Deltakarane får ei minnerik oppleving som inkluderer spenning, glede, meistringskjensle og ikkje minst ei flott natur oppleving. Her vert det og laga fine 25 meters rappellar som passar til born frå 7 – 12 år.

Detaljert aktivitetsoversikt vert publisert seinare i vår. 


Voss sin største restaurant og after ski

Hangurstoppen Restaurant vert med sine 450 sitteplassar og to etasjar, Voss sin største restaurant. Her tilbyr me gode matopplevingar i flotte omgjevnadar. Eit stort uteområde og store vindu gjev godt utsyn til fjell- og naturområdet rundt toppen. 

Det vert fokus på heimelaga og lokale råvarer, og menyen vert prega av enkle og rustikke rettar. I tillegg vert det grilling og uteservering heile året, samt after ski med musikk og god mat i vintersesongen. 


Med gondolbana til topps

Med den nye gondolbanen er du på Hangurstoppen på under 7 minutt frå du går inn i gondolkabina. Vel billett ein gondolbillett som passer det, basert på kor mykje du kjem til å bruka bana. Sjå meir om prisar for Voss Gondol her. 


Me ynskjer hjartleg velkomne til god mat og kjekke aktivitetar på Hangurstoppen, frå og med sommaren 2019!

Andre nyheter

  • Opplev sommarens enklaste topptur

    Frå Bergen sentrum til 820 meter over havet på 90 minutt – utan å bli sveitt! På Voss kan du bli med på ein av dei flottaste og enklaste toppturane i sommar.

    Les meir her

  • Slik har du neppe overnatta på Voss før

    Lyst til å gjere noko heilt spesielt i sommar? Kva med å nyte ei dei flottaste utsiktene Noreg har å by på mens du dinglar i ei hengekøye?

    Les meir her

  • Ein heis - mange aktivitetsmuligheiter

    Treng du tips til noregsferien? Her er tre­­ gode grunnar til å legge inn ein topptur med Voss Gondol i sommar.

    Les meir her