Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Offisiell opning av Voss Gondol

Torsdag 26. september er den offisielle opninga av Voss Gondol.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til lett underhaldning og snorklipping på nedre stasjon frå kl. 11:45 – 12:30. Utover dagen og på kvelden vert det to lukka arrangement for inviterte gjester på Hangurstoppen Restaurant.

Sjølve snorklippinga skjer på perrongnivå på nedre stasjon. Statsråd Monica Mæland, Aksel Lund Svindal og Kari Traa kjem. “Arme Riddere” står for underhaldninga og Arne Hjeltnes er konferansier. 

Gondolbana går som vanleg og kan nyttast av alle i opningstida. Det er ordinære billettprisar denne dagen. 

Hangurstoppen Restaurant er stengt grunna arrangementet, torsdag 26. september. 

Andre nyheter

  • Opplev sommarens enklaste topptur

    Frå Bergen sentrum til 820 meter over havet på 90 minutt – utan å bli sveitt! På Voss kan du bli med på ein av dei flottaste og enklaste toppturane i sommar.

    Les meir her

  • Slik har du neppe overnatta på Voss før

    Lyst til å gjere noko heilt spesielt i sommar? Kva med å nyte ei dei flottaste utsiktene Noreg har å by på mens du dinglar i ei hengekøye?

    Les meir her

  • Ein heis - mange aktivitetsmuligheiter

    Treng du tips til noregsferien? Her er tre­­ gode grunnar til å legge inn ein topptur med Voss Gondol i sommar.

    Les meir her