Opplev sommarens enklaste topptur
Frå Bergen sentrum til 820 meter over havet på 90 minutt – utan å bli sveitt! På Voss kan du bli med på ein av dei flottaste og enklaste toppturane i sommar.
Du treng ikkje vere ekstremsportutøvar for å trivast på Voss. Du kan faktisk kome deg på fjelltur med fantastisk panoramautsikt på under ni minutt, og framleis ha kvilepulsen intakt. Frå Bergen tar heile turen i underkant av halvanna time.
Kort veg frå Bergen
Aktivitetsbygda Voss ligger midt i smørauget mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, og er eit trafikknutepunkt for tog og buss på Vestlandet. Det er altså leikande lett å kome seg hit og heilt perfekt for alle som er på jakt etter aktiviteter og opplevingar nær Bergen i sommar.
Faktisk kan du hoppe på toget i Bergen, gå av på Voss Stasjon og roleg spasere nokre få meter bort til Voss Gondol som løftar deg den siste biten opp til ei heilt magisk utsikt og flotte naturopplevingar. Reisa er både behageleg, spektakulær og miljøvennleg.

Toppstasjonen til Voss Gondol ligg på Hangurstoppen, 820 meter over havet. Den nye attraksjonen hadde opningsfest sommaren 2019, og er med sine ni kabinar og 2020 meter Nord-Europas største og mest moderne gondolanlegg.

Fjelltur for alle
Frå toppen har du panoramautsikt til dei majestetiske fjellområda rundt Voss, samt eit flott område for rekreasjon og aktivitetar. Rundløypa på toppen, panoramaløypa på ein kilometer, er lett tilgjengeleg for alle –både rullestolar og barnevogner. Herifrå får du fantastisk utsyn over Vossabygda og paraglidarane som sklir ut i lufta rett framom auga dine. Området er laga for å vere tilgjengeleg for alle, så her er det enkelt å ta i bruk den mektige naturen uansett nivå. I tillegg til at Voss Gondol og anlegget på Hangurstoppen er familievennleg, med og utan barnevogn, er området tilpassa rørslehemma.
Her får du fantastisk utsyn over Vossabygda og paraglidarane som sklir ut i lufta rett framom auga dine.

Nyt naturen i ditt eige tempo
Med utgangspunkt i gondolanlegget på Hangurstoppen har du det perfekte startpunktet for små og store naturopplevingar. Om du vil legge ut på lengre turar enn den kilometerlange rundløypa som startar rett utanfor toppstasjonen til Voss Gondol, er Hangurstoppen også eit supert utgangspunkt for å kome seg til akkurat passe utfordrande fotturar til eksempelvis Røde Kors-hytta, Raugstad og Bavallen. Og for dei aller mest uthaldande er Lønahorgi med sine 1410 meter over havet, eit veldig attraktivt turmål. På fine dagar kan ein sjå ikkje mindre enn fire isbrear frå denne fjelltoppen; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna.

Det manglar heller ikkje på mulegheiter for alle som føretrekk aktivitetar som får hjartet til å slå litt ekstra. Det kan vere utfordrande vandreturar, fart og fri utfolding på sykkel samt luft under vengene medan du heng under ein paraglider. Frå toppen av Voss Gondol kan alle finna ei perfekt turoppleving tilpassa sine egne ferdigheter og ønskjer.