Utsikt frå hengekøya på Hanguren. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Utsikt frå hengekøya på Hanguren. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Slik har du neppe overnatta på Voss før

Lyst til å gjere noko heilt spesielt i sommar? Kva med å nyte ei dei flottaste utsiktene Noreg har å by på mens du dinglar i ei hengekøye?

Annleissåret 2020 har bidrege til at hengekøyetrenden har tatt heilt av, og i sommar skal «alle» henge i hengekøyer. Eit unikt tilbod frå Voss Resort sørger for at opplevinga av å sove ute blir enda meir spesiell når hengekøyene blir kombinert med ein liten touch av glamping.


Eksotisk «glamping» på Voss

I tilknyting til den gamle taubanen på Voss ligg det som må vere eit av sommarens kulaste og mest unike «soverom» i det fri. I svalgangen til Hangursrestauranten kan du dingle med beina over kanten på hengekøya og uforstyrra nyte den heilt fantastiske utsikta ned mot Vangsvatnet og Voss sentrum.

Opplevinga av å sove ute blir enda meir spesiell når hengekøyene blir kombinert med ein liten touch av glamping.

Her oppe, omlag 670 meter over havet, ligg det meste til rette for å ete og hygge seg i godt selskap, utan andre naboar enn sauene og kyrne som beitar i nærleiken. Glamouren er ivaretatt med langbord, skinnfeller og lys, mens taket sørger for beskyttelse mot elementa – utan at det går utover følelsen av å være ute.

Skjerma område og nydeleg utsikt frå gamle Hangursrestauranten. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn. Skjerma område og nydeleg utsikt frå gamle Hangursrestauranten. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn.

Dette er inkludert

Hengekøyene på den gamle Hangursrestauranten passar for alle som vil sove ute ei natt, og det meste er på plass for at overnattinga skal bli både spesiell og behagelig. Pakkeprisen inkluderer 10 hengekøyer samt tilgang til toalett og varmt vann. Alle smittevernomsyn på grunn av koronapandemien er sjølvsgat ivaretatt.

Bestill ei unik hengekøyeovernatting i dag

Før avreise blir du tilsendt ei pakkeliste over ting det er lurt å ta med seg. Det gjeld eksempelvis liggeunderlag, sovepose og liknande. Har du lyst til å ta med egne hengekøyer, er det heilt uproblematisk.

Dersom du tek Voss Gondol opp til overnattingsstaden, er det muleg å bestille med seg heimelaga gryterett frå Hangurstoppen Restaurant du kan ete i ro og mak mens nyt naturen og den flotte utsikta frå overnattingsstaden.

Hengekøyeglamping passer like godt til familien som vennegjengen! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Hengekøyeglamping passer like godt til familien som vennegjengen! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Slik kjem du deg til hengekøyeovernattinga på Voss

Med Voss Gondol tek det under ni minutt til opp til Hangurstoppen. Derfrå er det omlag ein halvtime å gå ned til der hengekøyene er hengt opp. Gondolbanen tilbyr hyggelege pakkepriser enten du vil ta banen begge vegar, eller berre ein veg.

Ta deg gjerne tid til ein fottur i løypa Hanguren Panorama når du først har kome til toppen med gondolen. Denne fine rundturen er veldig familievennleg og herifrå er det gode mulegheiter til å sjå paraglidarar fly ut frå fjellet.

Sjekk ut desse turmulegheitane med Voss Gondol.

Voss Gondol frakter deg enkelt opp til Hangurstoppen og er ei oppleving i seg sjølv. Herfrå er det ein fin rusletur ned til gamle Hangursrestauranten. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Voss Gondol frakter deg enkelt opp til Hangurstoppen og er ei oppleving i seg sjølv. Herfrå er det ein fin rusletur ned til gamle Hangursrestauranten. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Frå Voss sentrum går det også ein ganske bratt sti det er muleg å følge for dei som ønskjer å ta beina fatt for å nå Hangursrestauranten. Ha på gode tursko og unngå å ha for mykje å bære dersom de ikkje er veldig turvande.


Fleire overnattingstilbod på Voss

Sommaren byr på mange fine muligheiter for å få gode naturopplevingar, og ei natt i hengekøyene er perfekt å kombinere med ein dagstur i fjellet. For deg som ønskjer enda meir tid til å utforske dette vakre området på Vestlandet, er det enkelt å forlenge opphaldet.

Voss Resort har hytter og leilegheiter som ligg i flott til i naturskjønne omgjevnader, og med variert turterreng rett utanfor døra. Det er rett og slett eit eldorado for turfolk.

Her kan du overnatte sentralt på Voss

Det er også muligheit for å overnatte på hotell i Voss sentrum.

Andre nyheter

  • Opplev sommarens enklaste topptur

    Frå Bergen sentrum til 820 meter over havet på 90 minutt – utan å bli sveitt! På Voss kan du bli med på ein av dei flottaste og enklaste toppturane i sommar.

    Les meir her

  • Ein heis - mange aktivitetsmuligheiter

    Treng du tips til noregsferien? Her er tre­­ gode grunnar til å legge inn ein topptur med Voss Gondol i sommar.

    Les meir her

  • Til deg som har hatt heilårskort

    Har du hatt heilårskort hjå oss? Då har me eit spesialtilbod til deg.

    Les meir her