Denne turen - og utsikten - er et Denne turen - og utsikten - er et "must" for alle som besøker toppen av Voss Gondol! Hanguren Panorama. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Ti populære fjellturar frå Voss Gondol

Sjekk ut desse fantastiske turmulegheitene som fins frå Hangurstoppen!

Uansett om du er ung eller gamal, aktiv eller treng tilpassa terreng, er ein som elskar å rusle på tur eller ynskjer å springe i fjellet finn du ein tur som passar for deg frå toppen av Voss Gondol. Her er det nemleg uendeleg med moglegheiter for fine fjellturar. Og utsikta er nydeleg uansett kva himmelretning du snur deg mot.

Med andre ord kan du leggje turen til Hangurstoppen uansett grunn og med reisefølje med ulike behov. Her står fysiske utfordringar for tur om du vil, eller du kan gå på gruslagt veg og følgje ein aktivitetssti tilrettelagt for barn både i og utan vogn.

Og er eit av delmåla å ta Instagram-venlege feriebileter i vakker vestlandsnatur, er dette staden for deg. Prøv ein eller fleire av desse ti fjellturane på Voss i år:

Undervegs langs nokre av stiane finn du fantastiske utsiktspunkt og kjekke aktivitetar. Som her, i Hanguren Panorama, kor du finn Husko. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Undervegs langs nokre av stiane finn du fantastiske utsiktspunkt og kjekke aktivitetar. Som her, i Hanguren Panorama, kor du finn Husko. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

1. Hanguren Panorama – utsikt over Vossabygda

Nivå: Enkel, alle
Lengde: 1 km
Type: Grussti

Rundløypa Hanguren Panorama er ein universelt tilrettelagt grussti, som passer for alle målgrupper og som også er fin for barn. Her er det panoramautsyn over Vossabygda og fjella omkring, og løypa er difor og ein fin plass å sikre flotte feriebilete frå turen. Prøv Hangurshusko og kjenn sommarfuglane i magen eller prøv rebusløypa til Grebbe som du finn undervegs på stien.

 

2. Grebbeløypa – sti i terreng
Nivå: Lett, barn og vaksne.
Lengde: 3 km
Type:  Sti i lett kupert terreng

Denne rundløypa går på sti i terrenget. Løypa er merka «Grebbeløypa» med grøne turskilt frå Hangurstoppen. Ha gode sko og kle deg etter vêret. Dette er ein trygg og behagelig tur i naturen som passer for dei fleste. Undervegs i løypa finn du Grebbe si rebusløype.

 

3. Røde Kors hytta, knutepunkt for andre løyper

Nivå: Moderat, alle
Lengde: 3,3 km
Type: Lett kupert terreng. Grusveg eller sti frå Hangurstoppen.

Røde Kors hytta er eit populært turmål. Frå Hangurstoppen kan du velge å anten gå sti i terrenget, eller følge grusveg/grussti. Du kan og starte turen i Bavallen. Røde Kors-hytta ligger like ved Valbergstjørni, ein populær og flott plass for bading. Hytta er dessutan eit knutepunkt for ei rekke andre løyper for den som vil gå vidare i fjellet.

Husk å pakke med badetøy! Det er bademulegheiter rett ved Røde Kors-hytta. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Husk å pakke med badetøy! Det er bademulegheiter rett ved Røde Kors-hytta. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

4. Skutsgardstjørni – utsikt over Vossabygda

Nivå: Enkel, barn og vaksne
Lengde: 4,5 km
Type:  Lett kupert terreng på stien, bratt oppoverbakke langs alpinløypa

Ein fin tur for deg som vil gå både opp og ned. Turen startar på Hangurstoppen. Føl skilt mot Valbergstjørni via Røde Kors hytta. Herifrå går stien nedover i lett terreng mot tjernet Skutsgardstjørni med flott utsikt over Vossabygda. Også her er det gode fotomoglegheiter. Vidare føl du stien til den møter alpinbakken og grusvegen. Gå bratt oppover langs alpinløypa og grusvegen tilbake mot Hangurstoppen der du starta.

 

5. Lønahorgi – med utstikt til isbrear

Nivå: Krevjande, store barn og vaksne
Lengde/tid: 8,5 km, ca. 6-8 timar tur/retur (avhengig av form og fart)
Type: Sti og terreng, oppover

Ein herlig tur der ein får brukt beina godt og kan nyte utsikt frå toppen. Hugs gode sko og kle deg etter vêret. Frå Hangurstoppen føl du T-merka sti og skilta mot Lønahorgi. Stien går via Røde Kors-hytta og held høgda som kryssar heistraseen på Slettafjellet. Deretter går stien oppover ryggen mot Horgaletten, Kvilehytta og vidare til Lønahorgi. Frå toppen kan ein sjå fire isbrear på klare dagar og ein kan skue vakre vestlandstoppar så lagt auge rekk.

 

 

6. Hangurstoppen til Tråstølen og Voss sentrum

Nivå: Enkel, alle
Lengde/tid: ca 9 km, ca 2 – 2,5, timar (avhengig av form og fart)
Type: Familieløype, grusveg og asfalt

Ein tur for heile familien, og for deg som vil gå fjelltur med barn. Følg Familieløypa frå Hangurstoppen til Tråstølen og Bavallen. Alternativt følg familieløypa til Tråstølen og gå på asfalt ned til Bavallen. Gå deretter vidare til Voss sentrum på veg og asfalt.

På veg mot Lønahorgi. Foto: Kristoffer Furstenberg På veg mot Lønahorgi. Foto: Kristoffer Furstenberg

7. Hangurstoppen via Hangurslia til Voss sentrum

Nivå: Moderat, alle
Lengde/tid: 5,4 km, ca. 1,5 – 2 timar (avhengig av form og fart)
Type: Sti, grusveg og asfalt

Ein god tur for dei fleste, uansett om du vil jogge nedover eller spasere i eige tempo. Følg stien mot Grebbesløypa frå Hangurstoppen og deretter skilt mot Voss. På denne ruta går du på sti under gondoltraseen, bratt ned frå gamle Hangursrestauranten ned Hangurslia til Voss Folkemuseum (Mølster), deretter langs grusvegar og asfalt tilbake til Voss sentrum. Ver obs på at stien kan vera litt sleip dersom det er vått og at nokre parti er bratte.

 

8. Hangurstoppen via Heggjavad til Voss sentrum

Nivå: Moderat, alle
Lengde/tid: ca 8,5 km, ca. 2,5 – 3 timar (avhengig av form og fart)
Type: Lett kupert terreng, sti, grusveg og asfalt frå Mølster til Voss Sentrum.

Ei god løype for deg som vil gå ein trygg tur i ujamt naturleg terreng. Her er det òg fint å springe for dei som vil ha ein meir aktiv tur i fjellheimen. Frå Hangurstoppen føl ein T-merka sti mot Raugstad. Stien går i lett kupert terreng forbi Røde Kors-hytta og vidare nedover på stien mot Raugstad. Når du kjem til Heggjavad følgjer du sti mot Mølster/Voss Folkemuseum. Frå Voss Folkemuseum følgjer du asfalt ned til Voss sentrum.

 

9. Hangurstoppen til Slettafjellstoppen

Nivå: Store barn og vaksne
Lengde: ca 3 km til toppen
Type: Sti, delvis grusveg

Likar du å stå på toppen og sjå utover landskapet? Då er denne løypa for deg. Turen til Slettasfjellstoppen startar på Hangurstoppen. Følg Grebbesløypa til Valbergstjørni ved Røde Kors-hytta. Derifrå følgjer du skiltet og stien mot Lønahorgi. Når du kjem til heistraseen på Slettafjellet, følgjer du denne til toppen av T-trekket. Like ved finn du toppbua på Slettafjellet. Returen kan gå tilbake same veg som du kom, eller du kan gå ned skiløypa til der heisen startar og følgje grusvegen opp att til Hangurstoppen.

 

10. Hangurstoppen til Kvilehytta

Nivå: Store barn og vaksne, alternativ rute som kan tilpassast
Lengde/tid: 5,7 km, ca. 5 timar tur/retur (avhengig av form og fart)
Type: Lett kupert terreng, alternativ med grusveg

Denne turen kan tilpassast etter om ein ynskjer ein moderat eller meir krevjande tur. Følg skilt og T-merka sti mot Lønahorgi. Turen går på sti i lett kupert terreng. Frå stikrysset i Vådalseggi kan du følgje vegen til Kvilehytta. Ynskjer du eit lettare alternativ kan du gå grusveg frå Hangurstoppen ned til Slettafjellet, og deretter følgje anleggsvegen forbi Nyestølen heilt til Horgaletten og etter kvart Kvilehytta.

 

Oversikt over alle turane, med kart, finn du i vår vandrebrosjyre her.

 

Les også: Nysgjerrig på overnattingsmulegheiter på Voss? Her er dei beste alternativa for årets norgesferie

Andre nyheter

  • Noregsferie på Vestlandet? Hjå Voss Resort bur du midt i smørauget

    Dette er sommarhyttene for deg som vil oppleve idyllisk noregsferie på Vestlandet, med tilgang til «alt»!

    Les meir her

  • Opplev sommarens enklaste fjelltur

    Frå Bergen sentrum til 820 meter over havet på 90 minutt – utan å bli sveitt! På Voss kan du bli med på ein av dei flottaste og enklaste fjellturane i sommar.

    Les meir her

  • Sov i hengekøye: Slik har du neppe overnatta på Voss før

    Har du lyst til å gjere noko heilt spesielt i sommar? Kva med å nyte ei dei flottaste utsiktene Noreg har å by på mens du dinglar i ei hengekøye?

    Les meir her