Foto: Hunnalvatn Media Foto: Hunnalvatn Media

Til deg som har hatt heilårskort

Har du hatt heilårskort hjå oss? Då har me eit spesialtilbod til deg.

Kjære heilårskort-eigar, 

Først og fremst; tusen takk for at du har valgt å kjøpe heilårskort hjå oss.

Sesongen i år har blitt forkorta og me har stor forståing for at det er kjedelig å ikkje få brukt heilårskortet til det fulle. 

Me står i ein vanskelig økonomisk situasjon, som so mange andre. Dei aller fleste i bransjen har ingen kompensasjon på sine kort.

Men, me er svært takksame for at nettopp du har kjøpt heilårskort hjå oss og ynskjer å tilby 1 mnd ekstra ved kjøp av nytt heilårskort. Tilbodet gjeld for deg som har hatt heilårskort hjå oss før 15. mars 2020. Tilbodet om kjøp av heilårskort med 1 mnd ekstra, gjeld til og med 15. mars 2021. Kom innom oss i billettluka om du skal kjøpe nytt kort, så ordnar me det. Diverre er det slik at det ikkje er mogleg å forlenge eksisterande heilårskort i systemet – forlenginga må gjerast når kortet vert tatt ut. Derav denne løysinga. 

Vidare er det slik at opningstidene til gondol og restaurant er påvirka av koronasituasjonen. Sjølv om me no har fått godkjenning for å opne opp, så er mykje av grunnlaget for å halde ope som normalt, borte. Dette er sjølvsagt svært beklagelig, men me håper på forståing for at me har noko reduserte opningstider ift. det som var planlagt ordinært. Frå 19. juni til 23. august er me dog opne kvar dag.

Sjå opningstidene for gondol og restaurant her

Me beklager igjen at sesongen er blitt forkorta. Dette er ikkje ein kjekk situasjon for nokon, men me jobber på og skal gjera alt me kan for å koma sterkt tilbake! 

Har du spørsmål? Kontakt oss på post@vossgondol.no .

Me ynskjer dykk ein flott sommar og håper me sjåast til fjells!

 

Andre nyheter

  • Opplev sommarens enklaste topptur

    Frå Bergen sentrum til 820 meter over havet på 90 minutt – utan å bli sveitt! På Voss kan du bli med på ein av dei flottaste og enklaste toppturane i sommar.

    Les meir her

  • Slik har du neppe overnatta på Voss før

    Lyst til å gjere noko heilt spesielt i sommar? Kva med å nyte ei dei flottaste utsiktene Noreg har å by på mens du dinglar i ei hengekøye?

    Les meir her

  • Ein heis - mange aktivitetsmuligheiter

    Treng du tips til noregsferien? Her er tre­­ gode grunnar til å legge inn ein topptur med Voss Gondol i sommar.

    Les meir her