Ledige stillingar

Me søker for tida følgjande:

Gondolførar – Voss Gondol

Fast stilling

Har du lyst til å jobba i det mest kreative og mest veksande selskapet på Voss? Er du ein person som likar utfordringar og jobbar hardt for å skape noko unikt? Voss Resort har vore ein innovativ aktør i over 15 år. 

Arbeidsoppgaver:

  • Operere heisen under dagleg drift.
  • Utføre dagleg vedlikehald.
  • Oppfølging av det daglege HMS arbeidet og følgje operasjonane i sikkerheitsstyringssystemet, samt sjå til at gjeldande lover, reglar, rutiner og instruksar blir fulgt
  • Delta i øvrige arbeidsoppgåver i alpinanlegget ved behov.

Ønska kvalifikasjoner/eigenskaper:

  • Søkar må ha fylt 20 år og ha førarkort klasse B.
  • Det blir lagt stor vekt på søkaren si evne og vilje til å yta god kundeservice.
  • Utadvendt og sjølvstendig.
  • Snakka flytande norsk og beherske engelsk muntleg.
  • I denne jobben må du tåle stressande arbeidssituasjonar og vera allsidig.
  • Gondolførar inngår i alpinanleggets redningsberedskap og søkaren må difor være i god fysisk form og kunne arbeide i høgda.
  • Erfaring frå drift av heis er ein fordel, men ingen føresetnad då nødvendig opplæring vil bli gjeven.
  • God teknisk eller elektrofagleg kompetanse er ønskeleg.

Arbeid i ferie- og helger må påreknast.
Søknadsfrist: Snarast

Send søknad og CV til anna@vossresort.no