11/10/2019, 19.30

Strikkekafe på Hangurstoppen

Svanhild Strøm er designar hjå Dale of Norway. Ho fortel om kva som inspirerer henne av færøyiske strikketradisjonar og om arbeidet med boka si.

På Færøyane bur det i dag dobbelt så mange sauer som folk. Strikking har ei lang og rik historie, og har vore Færøyane si viktigaste eksportindustri og levebrød. Strikking som handtverk var og er ein viktig kulturarv.

Kvar bygd og kvar familie hadde sitt særpreg og sine mønstre. Denne kulturarven var i ferd med å døy ut, men så tok skreddaren Hans M.Debes ansvar. Han gjekk rundt i bygdene og samla inn mønster, alle plagg- alt frå ulltrøyer, fiskargensarar og kreative strikkemønster. Boka hans er framleis i salg, og er også ei inspirasjonskjelde for Svanhild og mor hennar Marjun.

Boka deira  “Færøysk strikkebok” er ei moderne strikkebok som er full av vakre plagg og ei flott inspirasjonsbok for strikkarar i alle aldrar som er opptekne av tradisjonar. 
Svanhild har med seg boka si for sal etter foredraget.

Ta med deg spøtet ditt – og gode strikkevener.  
Velkomen til ein inspirerande og koseleg strikkekveld på Hangurstoppen! 

Tid og stad: Fredag 11. oktober kl. 19.00. Hangurstoppen Restaurant.
Pris foredrag:  kr.100,-. * Merk at ambassadørkort, sesongkort og heilårskort kan nyttast på gondolen.
Kjøp billettar foredrag

Pakkepris: Tur/retur gondol og foredrag kr. 395,-. 
Kjøp pakkepris foredrag og gondol * Merk at gondolbilletten gjeld kun denne dagen.

 

Andre arrangement

  • 27. September, 19:30

    Moteshow på Hangurstoppen

    Voss Sentrum og Voss Gondol inviterer til moteshow på Hangurstoppen under Smalahovesleppet!

    Les meir »
  • 02. Oktober, 17.30

    Rosa sløyfe marsj og mini-konsert med Dumpster Divas

    Lat oss farge Hanguren rosa! Leit fram rosa kle eller stasj heime og bli med på Rosa sløyfe marsjen. Premie til beste utkledde deltakar.

    Les meir »
  • 08. Juli - 30. Oktober, kvar dag

    Grebberebus

    Visste du at Grebbe har mange skattar på Hanguren? Han har laga ei rundløype med 10 postar. Her er det kjekke oppgåver og spørsmål undervegs i løypa.

    Les meir »
  • 01. August - 15. November, kvar dag

    Stolpejakt på Hanguren

    No har me stolpejakt på Hanguren! Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!

    Les meir »
  • 05. Oktober - 13. Oktober

    Haustferie 2019

    Me gler oss til haustferie! Bli med på stolpejakt, yoga, nye Grebbe rebusar, kreativt verkstad med Lilly, Reggae verkstad og Hanguren 5-kamp med Grebbe.

    Les meir »
  • 12. Oktober, 10.30-11.30

    Hanguren Yoga

    Me gler oss til endelig å kunne presentere Hanguren Yoga! Dette er ein klassisk yoga time kor me gjennomgår ulike ståande stillingar og nede på matta.

    Les meir »
  • 13. Oktober, 12:00 -14:00

    Regaee verkstad med Stig van Eijk

    I haustferien treng me sydlandske rytmar og sydenstemning. Me tolkar gamle barnesongar på nye måtar. Gled deg til høg allsong faktor og mykje latter!

    Les meir »
  • 22. Oktober, kl 18.00

    Osa på Hangurstoppen

    Me tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal speler eit utval slåttar. Me gler oss!

    Les meir »
  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »