02/10/2019, 17.30

Rosa sløyfe marsj og mini-konsert med Dumpster Divas

Lat oss farge Hanguren rosa! Leit fram rosa kle eller stasj heime og bli med på Rosa sløyfe marsjen. Premie til beste utkledde deltakar.

Saman med Brystkreftforeninga i Voss og Kvam inviterer me til Rosa Sløyfe arrangement på Hangurstoppen. 
Me gler oss til å setje fokus på eit viktig tema og trur på bevisstgjering, fysisk aktivitet og samvær som gode forebyggjande tiltak.  
 
Å vera fysisk aktiv reduserer risikoen for å få kreft.  Jo meir fysisk aktive me er, jo lågare er risikoen for å få kreft. For å minske risikoen for kreft anbefaler ein 60 minutt moderat eller 30 minutt anstrengande fysisk aktivitet kvar dag. Moderat aktivitet tilsvarer rask gange.

Fysisk aktivitet er «ferskvare». Det beste er å vera regelmessig fysisk aktiv gjennom heile livet, men det er aldri for seint å starte treninga. Litt mosjon er mykje betre enn ingenting!

Program
kl 17.30: Velkomen med Kirsti Buset, kreftkoordinator Voss kommune
kl 17.45: Rosa sløyfe marsj: rundløype på 1 km eller 3 km.
kl 18.55: Premieutdeling Hangurstoppen restaurant.
kl 19.00- 19.30: Mini-konsert med Dumpser Divas på Hangurstoppen restaurant.

Pris gondolen: Barn: 50 kr tur/retur, Vaksen: 100 kr tur/retur.  Voss Gondol sponser deler av gondolbilletten.

Startkontigent Rosa sløyfe marsjen: 100 kr vaksne, 50 kr born og 200 kr for ein familie. 
Heile startkontigenten går uavkorta til Rosa sløyfe aksjonen.

Brystkreftforeninga vil vere til stades for å selgje profilartiklar for Rosa sløyfe aksjonen.

 




 

Andre arrangement

  • 27. September, 19:30

    Moteshow på Hangurstoppen

    Voss Sentrum og Voss Gondol inviterer til moteshow på Hangurstoppen under Smalahovesleppet!

    Les meir »
  • 05. Oktober - 13. Oktober

    Haustferie 2019

    Me gler oss til haustferie! Bli med på stolpejakt, yoga, nye Grebbe rebusar, kreativt verkstad med Lilly, Reggae verkstad og Hanguren 5-kamp med Grebbe.

    Les meir »
  • 08. Juli - 30. Oktober, kvar dag

    Grebberebus

    Visste du at Grebbe har mange skattar på Hanguren? Han har laga ei rundløype med 10 postar. Her er det kjekke oppgåver og spørsmål undervegs i løypa.

    Les meir »
  • 01. August - 15. November, kvar dag

    Stolpejakt på Hanguren

    No har me stolpejakt på Hanguren! Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!

    Les meir »
  • 11. Oktober, 19.30

    Strikkekafe på Hangurstoppen

    Svanhild Strøm er designar hjå Dale of Norway. Ho fortel om kva som inspirerer henne av færøyiske strikketradisjonar og om arbeidet med boka si.

    Les meir »
  • 12. Oktober, 10.30-11.30

    Hanguren Yoga

    Me gler oss til endelig å kunne presentere Hanguren Yoga! Dette er ein klassisk yoga time kor me gjennomgår ulike ståande stillingar og nede på matta.

    Les meir »
  • 13. Oktober, 12:00 -14:00

    Regaee verkstad med Stig van Eijk

    I haustferien treng me sydlandske rytmar og sydenstemning. Me tolkar gamle barnesongar på nye måtar. Gled deg til høg allsong faktor og mykje latter!

    Les meir »
  • 22. Oktober, kl 18.00

    Osa på Hangurstoppen

    Me tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal speler eit utval slåttar. Me gler oss!

    Les meir »
  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »