13/07/2019 > 15/09/2019

Hangursrappellane

Bli med på ei luftig oppleving på Valberg. Hangursrappellane har 6 ulike rappellar frå 25- 50 meter. 25 minutts gange frå Hangurstoppen.

Vossamoro inviterer til 6 ulike rappellar frå 25 – 50 meter. Kun 25 minutts gange frå Hangurstoppen. Valberg ligg flott til like ved Valbergstjønni og Rødekorshytta.   

Dei høgste rappellen er heilt spektakulær med sine 50 meter. Her får deltakarane med ei minnerik oppleving som med spenning, meistrings følelse, glede og ikkje minst ei flott natur oppleving.

Rappellane til born er om lag 25 meter. Borna vert sikra av dyktige instruktørar. Dette er ei trygg, morosam og lærerik oppleving for born frå 8 – 14 år.


Oppmøte

Ved leirplassen ca. 25 – 30 minutts spasertur frå Hangurstoppen/Voss Gondol. Kart finn de i informasjonsbua på toppen av Voss Gondol, eller på nettsida www.vossamoro.no. Møt i god tid til avtalt oppstartstid. 
 

Opplæring

Du vert tatt imot av dyktige instruktørar. Aktiviteten byrjar med informasjon og utdeling av utstyr. Før me byrjar på Hangurens luftigaste rappell på 40 og 50 meter, skal alle deltakarane få opplæring i bruk av utstyr og god rappellringsteknikk ved å rappellera på “oppvarmingsrappellane”, som er om lag 25 meter høge.

Når du føler deg klar til å ta steget vidare, tek instruktørane deg med opp til toppen av Valberg. Her er starten på 40 og 50 metersrappellane. Med den flotte utsikta over Vossafjella vert rappellering på Valberg ei fantastisk oppleving!

Å rappellera er ei utfordring, men ikkje fysisk krevande. Du styrer sjølv tempoet nedover fjellveggen, og me har ekstra tausikring på deg heile vegen ned.


Utstyr

Ha på gode sko (fjellsko, goretex sko) og praktiske uteklede.


Opningstider

Hangursrappellane er open ved førehandsbestilling. 
Rappellering må bestillast i våre kontortider, mellom kl. 10 – 17 (mandag til fredag). 


Prisar

Minimum pris per bestilling = kr. 4500,-. 

Prisar utover dette er følgjande:

Born (8 – 14 år): kr. 350,- per person. Inkluderer 1 time med rappellering, utstyr og opplæring/instruksjon med dyktige og sertifiserte instruktørar. 
Ungdom/vaksen (frå 15 år): kr. 470,- per person. Inkluderer 2 timar med rappellering, utstyr og opplæring/instruksjon med dyktige og sertifiserte instruktørar.


Meir informasjon og bestilling ​

Kontakt Vossamoro AS: + 47 959 82 065 / e – post: gunvor@vossresort.no

Andre arrangement

  • 27. September, 19:30

    Moteshow på Hangurstoppen

    Voss Sentrum og Voss Gondol inviterer til moteshow på Hangurstoppen under Smalahovesleppet!

    Les meir »
  • 02. Oktober, 17.30

    Rosa sløyfe marsj og mini-konsert med Dumpster Divas

    Lat oss farge Hanguren rosa! Leit fram rosa kle eller stasj heime og bli med på Rosa sløyfe marsjen. Premie til beste utkledde deltakar.

    Les meir »
  • 08. Juli - 30. Oktober, kvar dag

    Grebberebus

    Visste du at Grebbe har mange skattar på Hanguren? Han har laga ei rundløype med 10 postar. Her er det kjekke oppgåver og spørsmål undervegs i løypa.

    Les meir »
  • 01. August - 15. November, kvar dag

    Stolpejakt på Hanguren

    No har me stolpejakt på Hanguren! Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!

    Les meir »
  • 05. Oktober - 13. Oktober

    Haustferie 2019

    Me gler oss til haustferie! Bli med på stolpejakt, yoga, nye Grebbe rebusar, kreativt verkstad med Lilly, Reggae verkstad og Hanguren 5-kamp med Grebbe.

    Les meir »
  • 11. Oktober, 19.30

    Strikkekafe på Hangurstoppen

    Svanhild Strøm er designar hjå Dale of Norway. Ho fortel om kva som inspirerer henne av færøyiske strikketradisjonar og om arbeidet med boka si.

    Les meir »
  • 12. Oktober, 10.30-11.30

    Hanguren Yoga

    Me gler oss til endelig å kunne presentere Hanguren Yoga! Dette er ein klassisk yoga time kor me gjennomgår ulike ståande stillingar og nede på matta.

    Les meir »
  • 13. Oktober, 12:00 -14:00

    Regaee verkstad med Stig van Eijk

    I haustferien treng me sydlandske rytmar og sydenstemning. Me tolkar gamle barnesongar på nye måtar. Gled deg til høg allsong faktor og mykje latter!

    Les meir »
  • 22. Oktober, kl 18.00

    Osa på Hangurstoppen

    Me tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal speler eit utval slåttar. Me gler oss!

    Les meir »
  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »