03/10/2020, 11.00 - 12.00

Hanguren Yoga

Hanguren Yoga er ein klassisk yoga time kor me gjennomgår ulike ståande stillingar og nede på matta. Timen passer for alle.

Hilde Hamre er ein erfaren flink yogainstruktør som også er kiropraktor og har idrettsfagleg bakgrunn. Ho formidler yoga gjennom eit folkeleg språk og har ein leiken tilnærming til aktivitet. Med sin gode kompetanse om kroppen sin anatomi og fysiologi, kan Hilde tilretteleggje øvingar etter behov. 

I Hanguren Yoga utfordrar me styrke, smidighet og balanse. Mot slutten finn me roen på matta som avslutning på timen. 
Me nyttar møterommet i Hangurstoppen restaurant. Denne yogaen passer for alle!

Hugs eiga matte, drikkeflaske og gode varme klede til å ta på mot slutten av timen.

Hanguren Yoga laurdag 3.oktober kl 11.00

Oppmøte: Møterommet i 2.etg på Hangurstoppen restaurant, seinast 10 min før timen startar.
Pris: 100 kr vippsast instruktøren. Bindande påmelding. Max 10 plassar. For å sikre deg plass på timen oppmodar me om at instruktøren vippsast 100kr  (Hilde Hamre tlf:  95935817) Hugs å skrive dato på timen du ynskjer vera med på. Dersom timen vert full, legg me ut melding på nettsida og Facebook eventet.

* Merk at eventuell gondolbillett kjem i tillegg.

Velkomen til Hanguren Yoga. Me gler oss til å sjå deg!

 

Andre arrangement

  • 01. Oktober, 17.00

    Rosa sløyfe marsj og konsert med Microbandet

    Me gjentek suksessen frå i fjor og farger Hanguren rosa til inntekt for Rosa sløyfe aksjonen. Microbandet har konsert etter marsjen.

    Les meir »
  • 03. Oktober, 18:00

    Pinot Noir kveld på Hangurstoppen - Fullbooka

    Vossing, vinjournalist i Dagens Næringsliv og sommelier Merete Bø tek med seg nokre av dei beste Pinot Noir vinane til denne kvelden.

    Les meir »
  • 20. Juni - 18. Oktober, Kvar dag

    Grebberebus

    Grebbe gler seg sånn til besøk i sommar! Han har gått rundt med sekk og niste på ski for å lage kjekke turar og aktivitetar til familien din.

    Les meir »
  • 26. Juni - 15. November, Kvar dag

    Grebbes turbingo

    Grebbe har laga ei liste over ting du kan finna i naturen. Kor mange ting finn du?

    Les meir »
  • 26. Juni - 18. Oktober, kvar dag

    Hengekøye-glamping på Hanguren

    Kva er vel betre enn å sove ute i hengekøye med panoramautsyn over Vossabygda?

    Les meir »
  • 01. Juli - 18. Oktober, Kvar dag

    Stolpejakt på Hanguren

    Stolpejakt er ein perfekt aktivitet for små og store. Her gjeld det å finne stolpar i området som er avmerka på eit kart. God jakt!

    Les meir »
  • 10. Oktober, 13:00- 15:30

    Actionforedrag med VossaBia

    Ville vekster, urter og ei heilskapleg tilnærming til helse og natur. Det er fundamentet i Vossabia sin filosofi, konsept og produktserie.

    Les meir »
  • 11. Oktober, 13:00

    Farmors kongehus

    Figurteaterforestilling for dei minste på Hangurstoppen av og med Adele Lærum Duus.

    Les meir »
  • 27. November - 12. Desember, 18:30 og 19:30

    Julebord på Hangurstoppen Restaurant

    Velkomen til julebord, 820 m.o.h.! Me serverer 4-retters julemiddag, med fokus på kortreiste og lokale råvarer.

    Les meir »