13/10/2019, 12:00 -13:00

Regaee verkstad med Stig van Eijk

I haustferien treng me sydlandske rytmar og sydenstemning. Me tolkar gamle barnesongar på nye måtar. Gled deg til høg allsong faktor og mykje latter!

Stig van Eijk har lang fartstid i musikkbransjen. Han har vunne Melodi Grand Prix, blitt kåra som årets mannlege artist og stått på dei fleste scenar i Norge.

I 2013 ga han ut sitt fjerde studioalbum, “Presentation”. Plata inneheld alt frå dei ulike musikksjangerane reggae, hiphop, soul og funk. I år 2019 har songen hans "Ser på" vore ein radiohit gjennom sommaren. 

Ein av dei mest lystige sjangarane i musikkens verden er reggae. Reggae er leiken, lett og med mange mogleiker til å improvisere rundt.

Stig garanterer ei lærerik, morsosam, kreativ og leiken musikalsk reise, med sydhavsrytmar som grunnbasis. Regaee verkstaden passar seg for born, unge, voksne og gamle. Ja for rett og slett alle som er glad i musikk…

Tid: Søndag 13.oktober kl 12.00- 14.00
Stad: Møterommet, Hangurstoppen restaurant
Pris:
50 kr per born​/vaksen (Born under 7 år må vera i fylgje med ein vaksen) .

Grebbegraut til lunsj?
Me tilbyr Grebbegraut til 50 kr per porsjon for born og vaksen. Inklusive eit glas raud saft. 

Kjøp billettar til regaeeverkstad og graut her



 

 

 

Andre arrangement

  • 18. Desember, 19.30

    Julekonsert med Lambach og Lund

    Ta ein pause i julestria! Velkomen til ein herlig og fin julekonsert med Lambach og Lund på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »
  • 31. Desember - 01. Januar, 17.30 - 02.00

    Nyttårsfeiring på Hangurstoppen

    Velkomen til nyttårsfeiring på Hangurstoppen! Bli med på 4-rettars middag med vinpakke, fest eller begge deler!

    Les meir »