09/08/2021 > 13/08/2021, 08:30 - 15:30

Grebbe Sommerferieklubb

Me ynskjer uteglade barn i alderen 7- 10 år (må fylle 7 år i løpet av 2021) velkomen til ei kjekk og aktiv veke på Hangurstoppen! Påmeldinga er opna - første mann til mølla!


Fokus: Uteleik og kos ispedd læring av nyttige og unyttige ting ein kan gjera utandørs. 

Tidspunkt: Måndag 9. august - fredag 13. august frå kl 8.30- 15.30. 
Oppmøte og avlevering etter endt dag utanfor Voss Gondol (Evangervegen 3), på perrongplan ved billettautomatane. 

Pris: Earlybird innan 6. juni; kr 2990,- per barn. Frå 7. juni; kr 3490,- per barn.
Prisen inkluderer alle aktivitetar og tur- retur gondolen kvar dag.
Alle borna har med eigen sekk med sitjeunderlag, eiga niste og drikke til kvar dag.

Minimum ti påmelde deltakarar. Maks 20 deltakere. To erfarne aktivitetsleiarar med er med barna heile veka.
Nærmare praktisk informasjon og oppdatert program vert sendt ut i løpet av juni. 

Førebels program:

Måndag
Bli-kjent-dag. Leik og moro på Hangurstoppen.

Tysdag
Støvelsafari og dyreliv. Visste du at den kjente froske-prinsen bur på Hangurstoppen?

Onsdag
Cowboy- og indianerdag med ulike aktivitetar.


Torsdag 
Kompani Grebbe på ekspedisjon (turdag).
Me lærer å lesa kart og må forsera ulike hindringar for å finne skatten. 


Fredag
Me lagar biehotell av det me har funne gjennom veka.

 

Påmelding: 

Meld deg på her

Minimum ti påmelde deltakarar. Maks 20 deltakere.

Andre arrangement

  • 01. Mai - 17. Oktober, Kvar dag

    Hengekøye-glamping på Hanguren

    Kva er vel betre enn å sove ute i hengekøye med panoramautsyn over Vossabygda?

    Les meir »
  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebberebus

    Grebbe har laga klar to kjekke rebusløyper til deg. Ei i Panoramaløypa og ei i Grebbeløpa. Begge med start frå Hangurstoppen. God tur!

    Les meir »
  • 02. Juni - 17. Oktober, Kvar dag

    Grebbes TurBingo

    Grebbe er veldig glad i å gå tur. Han syns det er endå kjekkare når han kan leite etter ting han finn i naturen. Prøv Grebbe sin TurBingo i sommar, du og!

    Les meir »
  • 09. Juni - 01. November

    Instaspot - fotorammer

    På jakt etter det perfekte instaspot? No treng du ikkje leite lenger! Prøv fotorammene våre på Hangurstoppen!

    Les meir »
  • 10. Juni - 01. November

    Instaspot - Husko

    Kom og prøv husko vår! Her får du fantastisk utsikt, kanskje litt sug i magen og eit utruleg bildemotiv - alt i eitt!

    Les meir »
  • 26. November - 11. Desember, 18:30 og 19:30

    Julebord på Hangurstoppen Restaurant

    Velkomen til julebord, 820 m.o.h.! Me serverer 4-retters julemiddag, med fokus på kortreiste og lokale råvarer.

    Les meir »