Sykkel frå Hangurstoppen

Ta gondolbana opp, sykle ein rundttur og ta bana ned igjen. Eller, ta bana opp og sykle ned igjen på Vangen.  

Ta med deg heile familien på sykkeltur på Hangurstoppen!

Gondolbana frakter dykk enkelt til fjells og her er god plass til syklar. I fire av gondolkabinene har me fjerna midtrabatten, slik at ein får fleire syklar inn i ei kabin. Vennligst merk at både du og sykkelen din må vera reine før de går inn i gondolbygg og kabin. 

Mange av gondolbillettane inkluderer sykkel i prisen. Barn under 7 år reiser gratis med sykkel i gondolen.

Sjå prisane våre her

 

Hanguren Panorama

Rundløypa vår Hanguren Panorama er fin til både vandring og sykling! På denne 800 meter lange grusstien finn du flotte utsiktpunkt undervegs. Her kan du og ha med sykkelvogn.

Løypa startar og ender rett utanfor toppstasjonen på Hangurstoppen. 

 

Til Bavallen og Vangen, via Tråstølen

Vil du ha ein litt lengre tur kan du sykle Familieløypa frå Hangurstoppen og ned til Bavallen. Alternativt Familieløypa ned til Tråstølen og deretter asfaltveg vidare ned frå hyttefeltet. 

Denne løypa passer for større barn, då den går på traktorveg/skogsveg og ein må bremse ein del. 
Frå Hangurstoppen til Bavallen er det ca. 5 km. 


Sykkelutleige

På turistinformasjonen ved nedre stasjon Voss Gondol er det sykkelutleige gjennom sommaren.