Tilbod til skular og barnehagar

Voss Gondol og Voss Resort ynskjer at flest mogleg born og ungdom på Voss kan nytte Voss Gondol og det flotte turområdet på Hangurstoppen heile året.

Me tilbyr difor eigne prisar for barnehagar og skular i skuletid. Tilbodet gjeld også for SFO i skuletid.

På Hangurstoppen har me flotte turmoglegheiter i umiddelbar nærleik til toppstasjonen av gondolen.  Voss Utferdslag og Voss kommune har eit godt T-merka stinett til Lønahorgi, Raugstad og Bavallen, samt at Voss Resort har merka eit par rundløyper i nærleik til Hangurstoppen. 

 

Vennligst merk: tilbodet gjeld i barnehage- og skuletid og kun ved førehandstinging per epost, seinast dagen før ankomst.

 

Prisar

Barnehagar i bhg tid Barn u/7 år Tilsett
Ein veg  Gratis 100,-
Tur/retur  Gratis  100,- 
     
Barneskule og ungdomsskule i skuletid Elev Lærar
Tur/retur  50,- 70,-
Ein veg 50,- 70,-
     
Vidaregåande  i skuletid Elev Lærar
Tur/retur 65,- 90,-
Ein veg 65,- 90,-

 

Bestilling: 

Prisane er berre gjeldande ved førehandstinging per epost, seinast dagen før ankomst. Bestillinga kan berre skje av barnehagen/skulen/SFO sitt personale.

Ver venleg å sende oss følgjande informasjon: 

  • Ankomsttid
  • Antal små og store
  • Namn og tlf. nr til ein kontaktperson i gruppa
  • Betalingsmåte (kontant eller faktura). Dersom de ynskjer å betale per faktura; send oss fakturaadresse, organisasjonsnummer og ref (ansattnr. e.l.). 

Send bestillinga til post@vossgondol.no

 

Me lager klart billettane til de kjem, slik at kontaktlærar eller tilsette kan henta billettane samla anten hjå Turistinformasjonen eller hjå gondolevert hjå Voss Gondol. 

 

Me gler oss til besøk! Velkomne til oss!