Korleis koma hit

Voss Gondol

Det er enkelt å reisa til Voss Gondol. Den nedre stasjonen til gondolbanen blir i trafikk-knutepunktet med buss, tog og taxi på Voss Jernbanestasjon, noko som gjer det svært lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvennlig vis. Rulletrapper og heis tar deg frå jernbana til påstigning av gondolen. 

Dersom du kjem frå Bergen stasjon, vil det ta deg 1,5 time frå du går om bord på toget i Bergen, til du er på Hanguren klar til spennande opplevingar både sommar og vinter.


Adressa til Voss Gondol (nedre stasjon) er: Evangervegen 5, 5704 Voss

 

Med bil

Bergen – Voss: 100 km. Ca. 1,5 timers køyring. 
Oslo – Voss: 400 km. Ca. 6 timers køyring.

 

Parkering

Skal du ta gondolbana og kjem med bil kan du nytta ein av dei 1300 parkeringsplassane i Voss sentrum. Her finn du både kort- og langtidsparkering, innandørs og utandørs. 

For meir informasjon om parkering på Voss, sjå Voss Parkering sine nettsider. 

 

Med tog

Voss Gondol er lokalisert ved Voss Jernbanestasjon. 
Jernbanen har fleire daglege avganger og ankomster til og frå Bergen og Oslo. 

Prisar, rutetabellar og bestilling av billettar på www.vy.no

Tid til/frå: 
Bergen: Ca. 1 time og 15 minutt.
Oslo: Ca. 6 timar
Flåm: Ca 1 time og 45 minutt

 

Med buss

Det er fleire regionale- og ekspressbussar som køyrer til Voss. 
Sjå gjerne Norway Bussekspress for ekspressbussar og Vy eller Skyss for lokal/regionale bussar. 

 

Taxi

Taxi på Voss kan bestillast ved å ringe +47 56 51 13 40

 

Kart

Sjå kart her.