Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på nokre av dei fleste spørsmål om Voss Gondol.

 

Kan ein ta med hund i gondolen? 

Ja! Det kan ein så absolutt. Ein betaler ikkje noko ekstra for å ta med seg hund. Me minner om båndtvang, samt at ein ikkje kan ta med seg hund inn i restauranten på toppen (men her er gode uteplasser med bord og benker).

 

Kan eg koma med rullestol? 

Ja – definitivt! Heis (på både øvre og nedre stasjon) frakter deg enkelt mellom etasjene i bygga. Når du skal inn i sjølve gondolkabina tilpasser me farten på på- og avstigning etter behov. I to av kabinene våre (nr . 4 og nr. 9) har me og fjerna dei midtre setene, slik at det her er ekstra god gulvplass. 

Me anbefaler og ein tur i vakre Hanguren Panorama, samt ein tur innom restauranten vår. 

 

Må ein bestille billetter på førehand for å ta gondolen? 

Nei, du kan kjøpe billett når du kjem til Voss Gondol. Men, ynskjer du å spare tid i billettkø, anbefaler me at du kjøper billett online på førehand. I rushtider kan det og vera stor pågang i billettluka, så du kan og enkelt kjøpe billett på våre billettautomater på både øvre og nedre stasjon.

Sjå meir om kjøp av billett her

 

I kor mange kabiner kan ein ta med seg sykkel og kor lang tid er det å vente mellom desse? 

Me har 2 kabiner for sykkel; Hangur (nr 9)- og Lønahorgi (nr 4)-kabinene. Det er 8,5 og 11 minutt mellom desse. I desse kabinene har me fjerna setene i midten, så det er god plass til fleire syklar om gongen. Vennligst merk at både du og sykkelen din må vera reine før de går inn i gondolbygg og kabin. Sykkel er inkludert i alle våre heiskort, med unntak av einveg og tur/retur (her må du betale eit tillegg for å ha med sykkel).

 

Kan ein bestille berre ein tur med gondolen, eller må ein ha sesongkort/heilårskort?

Du kan ta nett så mange turer du vil med gondolen, anten det er ein veg ein gong eller mange turer i løpet av ein dag, månad eller år. Me har ulike billettypar for å tilretteleggja for ulikt bruk av gondolen. 

Sjå alle våre billettypar og prisar her

 

Er det senior-, honnør- eller ledsagerpriser på Voss Gondol?

Me har seniorpris på ambassadørkort, sesongkort og heilårskort. 

Innehaver av ledsagarbevis betaler ordinær billett, medan ledsagar går gratis. Desse billettane må kjøpast i billettluka på nedre stasjon (Voss Turistinformasjon). 

Me har diverre ikkje honnørprisar.

 

Kan to vaksne og to senior gå på familiebillett?

Nei, diverre. For familiebillettar tur/retur og einveg inkluderes 2 vaksne og 1 til 2 barn under 16 år. Har ein fleire enn 2 barn under 16 år, får ein kjøpt ekstrabillett til desse for ein redusert pris. 

For familiebillettar for sesong- og heilårskort inkluderes 2 vaksne og alle barn til og med 18 år på same adresse.

Sjå meir i vår prisliste

 

Er det grupperabatt på Voss Gondol?

Ja – ved samla bestilling for meir enn 15 personar. Ta kontakt med oss på post@vossgondol.no for gruppebestilling. 

 

Må ein betale for både skikort og gondolbillett på vinteren? 

Nei. Alle våre skikort inkluderer gondolbillett på vinteren. Dette fordi gondolen for mange vil fungere som ein skiheis. Ein betaler ikkje noko ekstra for dette. 

Ynskjer du dog å kun ta gondol og ikkje stå på ski, kan du kjøpe kun gondolbillett.

Sjå meir i vår prisliste

 

Kvar finn ein meny for Hangurstoppen Restaurant?

Menyen på Hangurstoppen Restaurant er sesongbasert og me har difor ingen fastsatt meny. Menyen endres dag for dag, basert på kva lokale råvarer som er tilgjengelege. Litt annleis, men veldig spennande, ikkje sant?

Restauranten ligg flott til, er heilt ny og har mange gode rettar, så me anbefaler ein tur for å både sjå og smaka! 

Sjå meir om menykonseptet vårt her

 

 

Fekk du ikkje svar på det du lurte på? 

Ta ein titt rundt på nettsida vår – det meste av informasjon ligg tilgjengeleg her. 

Dersom du likevel ikkje finn svar på det du lurer på, send oss gjerne ein mail på post@vossgondol.no eller ring oss på telefon +47 4700 4700. Du kan og ta kontakt med oss på Facebook-sida vår.