Overnatting

Den perfekte base, midt i hjarta av Fjord-Norge! Berre 5 minutt frå Voss sentrum og 99 km frå Bergen.

Bu i sjølvhushald hytter og leiligheiter i Voss Resort! Herfrå har du det perfekte utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar.

Her har heile familien fjellet og naturen som spanande leikeområde rett utanfor døra! Her får du utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og det er korte avstandar til det meste av kultur, natur og aktivitetar. Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, omlag ti minutt frå Voss sentrum og fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo.

Mange som bur hjå oss tar og dagsturar til Hardangerfjorden og Sognefjorden, som ligg berre 45 minutt unna med bil. 


Om hyttefelta

Me legg vekt på at området skal vera roleg og familievenleg. Ansvarleg leigetakar av våre hytter/leilegheiter må vera 23 år eller meir.

Hyttefeltet består av sjølvhushald hytteeiningar med separate leilegheiter. Dei ligg på mellom 50 - 120 m² i storleik. Voss Resort disponerer omlag 70 einingar for utleige året rundt, samt seks moderne innreia leilegheiter i andre etasje i servicebygget.

Både hyttene og leiligheitene er godt utstyrt med tanke på sjølvhushald. 

Book overnatting her