Firma og grupper

Legg samlinga til oss! Me ynskjer bedrifter, organisasjonar, lag og grupper velkomne til Hangurstoppen! 

Hangurstoppen Restaurant har møte- og konferansefastilitetar for omlag 50 personar. 
Møterommet finn ein i øvste etasje, i mesaninen. 


Pust ut

Ynskjer du å kombinera det faglege med aktivitetar og natur er Hangurstoppen eit godt val. 
Rett utanfor finn du Noregs beste skiterreng vinterstid. Sommarstid har ein tilgang til flotte turstiar, mellom anna ein 800 meter lang rundttur som er tilrettelagt for alle. Eit flott pausealternativ om ein ynskjer å lufte seg mellom slaga. 

Me samarbeider og med aktivitetsleverandørar som har lang erfaring med planlegging og gjennomføring av aktivitetar, for grupper og lag.

 

Konferansepakker

Vel mellom dagpakke eller kveldspakke: 

Dagpakke, inkluderer:

  • møterom og utstyr
  • kaffe og frukt heile dagen
  • dagens lunsj (buffet eller 2-retter)

 

Kveldspakke, inkluderer:

  • møterom og utstyr
  • kaffe og frukt heile dagen
  • dagens middag (buffet eller 3-retter). Moglegheit for oppgradering til 4 eller 5 retter. 


Hangurstoppen Restaurant har høgt fokus på lokal og kortreist mat. Me samarbeider med fleire lokale leverandørar innan både mat og drikke og menyen vil vera sesongbasert.
 

Opningstider

Ved større møter/grupper er det mogleg å utvida opningstida for både restaurant og gondolbane. 

Våre ordinære opningstider finn du her.

 

Kontakt oss 

Skal du arrangera kick-off, møte, teambuilding, konferanse eller berre noko sosialt? 
Ta kontakt med oss, så sender me dykk eit uforpliktande tilbod. Me set saman ein eigen pakkepris. 

Me tilretteleggjer gjerne for samlingar, både med eller utan møtelokale, servering og aktivitet. 

Send oss ein epost