Selskap på Hangurstoppen Restaurant

Hjå oss kan du arrangera selskap av alle slag! Hangurstoppen Restaurant er tilgjengeleg for avslutningar, dåp, konfirmasjon, bryllup, åremålsdagar, jubileum, julebord og meir. 

Gondolbanen gjev enkel adkomst til Hangurstoppen Restaurant.

Inne i sjølve restauranten gjev dei mange, store vindauga flott panoramautsyn mot fjella som omkrinser Vossabygda. På varme dagar kan ein og nytta uteområdet.

Eit flott, unikt og litt annleis selskapslokale på Voss. 


Servering & bar

Hangurstoppen Restaurant har høgt fokus på lokal og kortreist mat. Me samarbeider med fleire lokale leverandørar innan både mat og drikke og menyen vil vera sesongbasert. 

Skal du arrangera selskap set me saman ein eigen selskapsmeny. Vel mellom: 

  • 3 retter: frå kr. 545,-
  • 4 retter: frå kr. 665,-
  • 5 retter: frå kr. 760,-

 

Opningstider

Ved større selskap er det mogleg å utvida opningstida for både restaurant og gondolbane. 

Våre ordinære opningstider finn du her.

 

Kontakt oss

Ved selskap sett me saman ei pakke som inkluderer både gondol og servering til ein eigen pris.
Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod! 

Send oss ein førespurnad