Bestillingsvilkår – Voss Resort/Voss Gondol

For overnatting, heiskort, gondolbillettar, aktivitetar, kjøp av andre produkt og tenester eller ein kombinasjon av desse. 

 

Desse generelle vilkåra gjeld mellom Voss Resort AS/Voss Gondol AS (heretter VR/VG) og den som sjølv eller gjennom andre inngår ein avtale med VR og/eller VG ut i frå gjeldande bekrefting (gjesten). Avtalen kan gjelde overnatting, heiskort, gondolbillettar, aktivitetar, kjøp av andre produkt og tenester eller ein kombinasjon av desse. 

Ansvarleg formidlar overnatting:
Voss Resort Bavallstunet AS, Bavallstunet 26, N-5710 Skulestadmo, Norway 
Org nummer: 977 172 926, e-post: post@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700 

Ansvarleg formidlar heiskort:
Voss Resort Fjellheisar AS, Bavallstunet 27, N-5710 Skulestadmo, Norway 
Org nummer: 959 031 517, e-post: fjellheisar@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700 

Ansvarleg formidlar gondolbillettar: 
Voss Gondol AS, Evangervegen 5, N-5704 Voss, Norway 
Org nummer: 916 271 557, e-post: post@vossgondol.no, telefon: +47 4700 4700 

Ansvarleg formidlar servering: 
Voss Resort Hangurstoppen AS, Evangervegen 5, N-5704 Voss, Norway 
Org nummer: 918 905 405, e-post: hangurstoppen@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700 

Ansvarleg formidlar aktivitetar: 
Voss Resort Skiskule-Skileige AS, Evangervegen 5, N-5704 Voss, Norway 
Org nummer: 992 138 939, e-post: skishop@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700 

 
BESTILLERS ANSVAR 

Før ein gjer ein endeleg bestilling, skal ein lese og gjere seg kjent med viktig informasjon om det aktuelle produktet. Bestiller er ansvarleg for at kjøpet er i høve til sine eigne ønsker. Bestiller er ansvarleg for å forsikre seg om at opplysningane i vilkåra er i samsvar med bestillinga. 
 

GJENNOMFØRING AV BESTILLING 

Etter korrekt gjennomført online betaling skal du få en kvittering på e-post. Kvittering inneheld alle detaljar ved ditt kjøp og kan tas med til oss. 

Bestilling er ikkje gjennomført og ikkje gyldig i fylgjande hald: 
* Bestiller har ikkje motteke e-post med kvittering eller bookingbekrefting/bookingnummer. 
* Kortbetalinga avbrytast av ulike orsakar og innbetalinga mislykkast. 
* Betalinga vert ikkje gjennomført fullstendig eller korrekt slik at beløpet ikkje vert trekt frå konto. Derfor kansellerast førebels reservasjon etter kort tid og handelen er ugyldig. 

Er du i tvil om bestillinga er korrekt gjennomført? Kontakt oss. 


ATTERHALD 

VR/VG og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for vêrforhold, stengte fasilitetar eller andre atterhald som ligg utanfor vår kontroll. Me tek atterhald om feil og endringar i våre prislister og beskriving av tenester.. 
Det vert teken atterhald om eventuelle publiserings- eller korrekturfeil på nettsider og på annan trykt informasjon om tilboda VR/VG formidlar. 


PERSONVERN 

Ved registrering av personopplysningar samtykker gjesten til at VR/VG i eigenskap av personopplysningar, brukar opplysningane for å gjennomføre VR/VGs forpliktingar overfor gjesten. Kundedata blir delt med ein tredjepart. Me oppbevarer kundedata i atterhald til norsk lov. 


ENDRING I SKATTAR OG AVGIFTER 

Dersom skattar og/eller avgifter vert endra, og dermed fører til ein kostnadsauke for tilbydar etter at bestillinga er gjennomført og betalt, kan prisen aukast tilsvarande for bestillar. Kunden skal straks få informasjon om prisendringa 


FORCE MAJURE 

Begge partar har rett til å gå vekk i frå avtalen dersom arrangementet ikkje kan gjennomførast som fylgje av krigshandlingar, naturkatastrofar eller arbeidsmarknadskonfliktar. Lengre avbrot i vatn- eller energitilførsel, brann, epidemier eller andre tilsvarande større hendingar som ingen av partane har hatt mogelegheit til å føresjå eller påverke. 


TVISTELØYSING 

Me ber gjesten ta kontakt med dei ulike tilbydarane dersom dei har noko å utsetje på bestilt arrangement. Dersom gjesten og Voss Resort ikkje klarar å forhandle seg til einigheit skal eventuell tvist vedrørande tidlegare inngått avtale løysast i Bergen tingrett. 

 

OVERNATTING 

Om ikkje anna er avtalt kan eininga disponerast frå kl. 16:00 ankomstdag og utsjekk vil vera seinast kl. 12:00 dagen for avreise. 


BESTILLING 

Ein bestilling er gjeldande så snart eit bookingnummer er tildelt og betaling utført. Det er gjestens ansvar å kontrollere at ankomst- og avreisedato, samt alt anna som er av betydning for bestillinga er korrekt. 


BETALING 

Gjesten kan trygt og enkelt bestille og betale direkte i resepsjon eller online. Betalinga kan gjerast med kort (VISA, MasterCard, Maestro). Ved faktura tilkommer det et gebyr på kr. 75,-. Gjesten skal ta med seg betalingsbekreftinga ved ankomst, om opphaldet er betalt på forhånd.  

Ved online booking blir gjesten belasta fullt beløp ved bestilling. 


AVBESTILLING ELLER ENDRING  

Alle avbestillingar må skje skriftleg til Voss Resort Bavallstunet: post@vossresort.no 
Avbestiller gjesten opphaldet tidlegare enn 3 dagar før ankomst refunderast 75% av totalsum. 
Ved avbestillingar mindre enn 3 dagar før ankomst beheld utleigar heile det avtalte beløpet. 
Ved No show beheld Voss Resort Bavallstunet heile betalingssummen. Ved seinare innsjekk eller tidlegare utsjekk blir ikkje beløp for uteståande netter refundert. 
Endringar av ankomst- og/eller avreisedato skal skje på mail til post@vossresort.no 

Voss Resort Bavallstunet har rett til å endre vilkåra for eininga dersom gjesten kan få tilbod om ei likeverdig teneste.


FORPLIKTINGAR GJEST 

For å kunne bestille/inngå ein avtale med Voss Resort Bavallstunet om overnatting må ansvarleg gjest ha fylt 23 år. Dersom aldersgrensa ikkje er oppfylt når eininga skal overtakast gjeld reglar for avbestilling. Dette er ein familievenleg plass, og det skal derfor vera stille mellom kl. 23:00-07:00.  Er det støy og bråk som er til sjenanse for andre gjester vil det kome utrykking frå vaktselskap og åtvaring vert gjeven. For kvar utrykking til eininga, vil gjest måtte betale kr. 1500,- Om ikkje åtvaringa vert fyld, vil ein bli kasta ut direkte. Ved slike situasjonar refunderast ikkje leigebeløpet.  
Brot på bestemminga om røykeforbod medfører ein avgift på reinhald frå NOK 6000,-. Husdyr kan, mot eit tillegg i prisen, tas med på nokre av våre einingar. Sjekk med oss ved bestilling eller før ankomst om dette er tillate på din eining.  
Gjesten er erstatningspliktig overfor utleigar for tap og skade som påførast bygning eller inventar. Gjesten pliktar å betale utleigar for ekstrakostnader som skuldast leigetakars og medfylgjande personars åtferd. Gjesten plikter å reingjere i samsvar til reingjeringsinstruksane før avreise. Dersom dette ikkje er godkjend av reinhaldspersonalet, debiterer Voss Resort Bavallstunet ein avgift avhengig av størrelsen på bueininga. 
Alle nøklar til bueininga skal leverast ved avreise. Dersom dette ikkje skjer, debiterast ei avgift på opptil kr. 3500,- for byte av lås. Ved manglande innlevering av nøkkelkort må gjest betale  
kr. 200,- per kort.  

Eventuelle reklamasjonar under opphaldet skal leggjast fram til Voss Resort Bavallstunet direkte, eller seinast kl. 11.00 dagen etter ankomst. Slik kan mangelen/feilen rettast med det same og med minst mogeleg ulempe for gjesten. Manglande reklamasjon vil medføre tap av retten til seinare erstatningskrav.  

Parkering av bil i området skjer på tilviste plassar og på eige ansvar. 

 

HEISKORT/GONDOLBILLETT 

Kjøp av heiskort krev at ein har eit keycard. Keycardet vert lada ved første passering i heisen sitt vendekors. Kortet er personleg og nedst på kortet finn du eit keycard nummer (f.eks. 01-1614 7200 2500 3445 8000-01) som må brukast i vår online betalingsløysing for å lade opp keycardet med heiskortet du ynskjer.

Alle born 0-6 år skal ha eit keycard. Dette gjeld også om dei kan stå gratis i fylgje med føresette.

Sesongkort, heilårskort og 10 dagars kort er berre gyldig med bilete av eigar synleg på kortet. Desse korta er personlege og kan ikkje verte gjeven til andre. Misbruk fører til inndraging av kortet eller eit gebyr på kr. 1500,-

Ved kjøp og bruk av heiskort godtar korthaldar anleggets alminnelege vilkår, herunder:

 

DEFINISJONER – TYPE HEISKORT:

  • Timeskort, halvdagskort, dagskort eller fleiredagarskort gjelder i ordinær opningstid for den eller dei datoar som er angitt på kortet.
  • Sesongkort gjeld i ordinær opningstid frå anleggets opning ved vintersesongens start til sesongslutt.
  • Årskort gjeld i ordinær opningstid i 12 månader til og med den dato som er angitt på kortet.
  • Klippekort, punktkort og enkeltbillett (tur/retur, enkelttur) gjeld til påstempla gyldigheitsdato på kortet/billetten.
  • Andre typar heiskort, som familiekort, gjeld i ordinær opningstid for den eller dei datoar som er angitt på kortet.

 

BRUK AV HEISKORT

Ved kjøp av heiskort skal det gå fram kva heisar og nedfartar som er i drift.

Med mindre anna er bestemt er heiskort  – unntatt klippekort,  punktkort og enkeltbillett – personlege og kan ikkje overdras/lånast ut til andre. Overtreding kan medføre at kortet vert inndradd. Brukaren skal kunne legitimere at vedkommande  er rettmessig innehavar av kortet. Kortet skal uoppfordra visast ved kontroll.

Tapt kort erstattast kun med eit nytt kort når personlege data er registrert i forbindelse med kjøp av heiskortet og det lar seg sperre. Anleggseigar har anledning til å ta eit administrasjonsgebyr i forbindelse med utsteding av nytt kort.

Skader på heiskort ved normal bruk gir rett til utsteding av nytt kort.

 

REGLAR FOR ALPIN FERDSEL I SKIANLEGGET

Alpin skisport – inklusive snowboard, telemark o.l. – er forbundet med ein viss risiko. Korthaldar forpliktar seg til å gjera seg kjent med deI Internasjonale Alpinvettreglene og å opptre i samsvar med desse. Alpinvettreglene lyder som følger: 

  1. ANSVAR FOR Å UNNGÅ SKADE – du må forhalda deg på ein slik måte at du ikkje er til fare for deg sjølv eller andre. Du skal til ein kvar tid ha nødvendig kontroll på ski- og snowboardutstyret ditt. Du er ansvarleg for å unngå at utstyret ditt gjer skade på personar eller anna materiell
  2. AVPASS FARTEN ETTER FORHOLDA – Du må køyre kontrollert og avpasse fart og køyremåte etter ferdigheit, terreng, vær, føreforhold og trafikk
  3. VIKEPLIKT – den som kjem bakifrå har ansvar for å køyre på ein slik måte at ein ikkje utsett andre for kollisjon
  4. FORBIKØYRING OG UTFORKØYRING – Du kan køyre forbi ein annan skiløpar eller snowboardar forutsatt at vedkommande får tilstrekkeleg plass for så vel kontrollerte som ukontrollerte bevegelsar. Det er forbode å køyre rett utfor, unnateke ved organisert trening.
  5. STARTA, KØYRE INN ELLER SVINGE OPPOVER I NEDFARTEN – Køyrer du inn i, eller svingar du oppover i ein nedfart, må du passe på at det skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for køyring etter stopp.
  6. STOPP I NEDFARTEN – Med mindre det er absolutt nødvendig, skal du unngå å stoppe i nedfarten på trange stader eller stadar med begrensa oversikt. Etter fall på ein slik stad, skal du bevege deg bort så fort som mogleg.
  7. TIL FOTS I NEDFARTEN – er du til fots, må du kun nytte ytterkanten av bakken.
  8. RESPEKTER SKILT MARKERINGER – fylg skilting, merking og anvisning.
  9. HJELP VED ULYKKER – ved skader har ein kvar skiløpar eller snowboardarar plikt til å hjelpe
  10. IDENTIFIKASJON – ved skadar og ulykker har vitner og medverkande plikt til å oppgje personalia

Korthaldar skal uoppfordra vise heiskortet ved kontroll. Ved eventuelle ulykker som korthaldar er involvert i – eller er vitne til – forpliktar vedkommande seg til å legitimere seg, her under å oppgi namn og telefonnummer.


ANGRERETT VED KJØP AV HEISKORT/GONDOLBILLETT

Ved fjernsal – for eksempel ved kjøp av heiskort over internett – gjeld lov om opplysningsplikt og angrerett ved fjernsal og sal utanom faste forretningslokalar (lov av 20. juni 2014 nr. 27 – angrerettlova). For nærare opplysningar om korthaldars angrerett og angrerettskjema syner me til skianleggets heimeside. Ved sal frå fast utsalsstad – eksempelvis ved sal frå billettluker eller automat i tilknyting til skianlegget – gjeld ikkje angrerettlova, men dei alminnelege refusjonsreglane.

Frist for å nytte seg av angreretten er 14 dagar etter at kjøpet er gjort. Angreretten gjeld berre kort som ikkje er tatt i bruk. Kort som er tatt i bruk vert ikkje tilbakebetalt. Dersom ein forbrukar ynskjer å bruke angreretten må dette varslast Voss Resort innan 14 dagar etter kjøp, på telefon eller e-post. Angreretten gjeld ikkje datofesta arrangement. Kjøpar står for eventuelle kostnadar for retur av heiskortet/gondolbillett.

 

REFUSJON VED DRIFTSAVBROT, SYKDOM ELLER SKADE

Generelt:

Ved driftsavbrot – det vil seie ved heisstans og/eller når meir enn 50% av det totale løypetilbodet på kjøpstidspunktet ikkje kan nyttast – er kortinnehavar berettiga til ein førehaldsmessig refusjon for den tid heiskortet ikkje kan nyttast. Driftsavbrotet må vera av minst 30 minuttars varigheit og summen av driftsavbrota må utgjere meir enn 1/3 av heiskortets gyldighetstid. 

Me gjev ikkje refusjon ved kjøp av dagskort, halvdagskort eller timekort.

 

Driftsavbot som ligg utenfor driftsleiinga si kontroll (force majeure):

Ved driftsavbrot som ligg utanfor skianleggets kontroll skal refusjonen tilsvara 50% av den førehaldsmessige refusjonen som kortinnehavar har krav på etter det føregåande punkt. Dette gjeld ved driftsavbrot som fylgje av eksempelvis vær- og vindforhold, snømangel, skred, lynnedslag, oversvømming, brann, straumstans, streik, offentleg rettslege forbod eller påbod, pandemiar m.v. og som utgjer førehald som anlegget ikkje med rimelegheit kunne forvente å ta i betraktning på kjøpstidspunktet. Det er opp til anlegget sjølve å dokumentere at driftsavbrotet skuldast slike førehald og at anlegget ikkje har hatt moglegheit til å unngå eller overvinne fylgjene av desse.

Reglar nemnt over gjeld ikkje dersom anlegget held opent meir enn 1/3 av sesongen. Dersom anlegget er stengt – eksempelvis på grunn av snømangel – utover 1/3 av sesongens totale antal skidagar, kan korthaldar krevje en førehaldsmessig refusjon for den tid sesongkortet ikkje kan nyttast. Korthaldar har ikkje krav på hele kjøpesummen. Eit eventuelt refusjonskrav er oppad begrensa til 50% av heiskortets kjøpesum uavhengig av kjøpstidspunkt. Refusjonen skal tilsvara 50% av den forholdsmessige andel av den tid heiskortet ikkje kan nyttast, det vil si heiskortets verdi delt på antall dagar i sesongen. Denne «dagraten» er avgjerande for refusjonskravets størrelse. Eventuelle refusjonskrav kan ikkje avreknast før etter at sesongen er avslutta. Inntil sesongavslutning kan anleggseier følgeleg avvise eventuelle refusjonskrav.

Tapte billettar vert ikkje erstatta.
 

Refusjon ved sjukdom eller skade

Ved sjukdom eller skade vil kortbrukaren være berettiga til ein forholdsmessig refusjon av kortutgiftene for den tid kortet ikkje kunne nyttast. Skaden eller sjukdommen skal på oppmoding dokumenterast gjennom legeerklæring. Kortet skal tilbakeleverast så raskt som mogleg.


SANKSJONAR VED MISBRUK AV HEISKORT ELLER OVERTREDELSE AV ALPINVETTREGLENE

Korthaldar er innforstått med at misbruk av heiskort, overtreding av Alpinvettreglene, brot på anvisingar i heisar og nedfartar, skikøyring i berusa tilstand m.v. kan medføre inndraging/sperring av heiskort, ilegging av tilleggsavgift/kontrollavgift, bortvising frå anlegget og/eller politimelding.

Med misbruk av heiskort meines bl.a. bruk av feil kort (vaksne som nyttar barnekort), kortet til ein annan person, forfalska kort, stole kort m.v.

 

SERVERING 

Våre standardvilkår gjeld med mindre det ikkje er inngått skriftleg avtale om noko anna. Mot større selskap, som for eksempel bryllup, kan det verte avtala tilleggsvilkår. 


BORDRESERVASJON

Bordet vert halde av til gruppa maks 30 minutt etter bestilt tidspunkt.
Bordbestillingar som ikkje skal nyttast må avbestillast innan to arbeidsdagar før ankomstdato for å unngå fakturering.


PRISAR

Våre prisar er bindande, men me beheld oss rett til å gjera justering av prisane i tilbodet som fylgje av auka kostnadar knytt til innkjøp av varer og/eller tenester, auka skattar og/eller avgifter, eller andre forhold utanfor verksemda sin kontroll.


BETALINGSVILKÅR

Selskap skal betale for seg før dei går frå restauranten, så lenge ikkje anna er avtala på førehand.

Fakturering i etterkant må avtalast skriftleg på førehand. Det blir alltid innhenta ei rutinemessig bli kredittvurdering av kunden. Hangurstoppen AS godkjenner ikkje fakturaførespurnadar på beløp under
kr. 5000,-. Ved fakturering må me få opplyst organisasjonsnummer og fakturaadresse. Kunden er ansvarleg for å gje eventuelt andre opplysingar som skal gå fram av fakturaen, som for eksempel prosjektnummer, avdeling el. Betalingsforfall er 10 dagar og ved for sein betaling reknar me lovbestemt forseinkingsrente.
Om ein vel faktura som betalingsmåte vil me leggje til eit fakturagebyr på kr. 75,- per faktura.


ARRANGEMENT MED EIGENANDEL

Dersom den enkelte deltakar skal betale eigenandel er bestillar/arrangør ansvarleg for at Hangurstoppen Restaurant og den enkelte deltakar får kunnskap om dette. Arrangøren/bestillar er solidarisk ansvarleg for eitkvart krav som ikkje har blitt betalt av deltakar. Solidaritetansvaret gjeld generelt også for eventuelle erstatningskrav.


ENDRINGAR/TILLEGGSBESTILLINGAR

Satt antal og innmelding av allergiar må vere oss i hende innan 7 arbeidsdagar før arrangementsdato. Endringar i antal mindre enn sju arbeidsdagar før arrangementet vil verte belasta.
For innmeldingar av allergiar mindre enn sju arbeidsdagar før arrangementet kan me ikkje love at me kan tilpassa menyen.
Tilleggsbestillingar rett før eller under arrangementet skal betalast av arrangøren/kunden eller den enkelte deltakar i samsvar til våre generelle betalingsvilkår, til avtalt pris eller våre standardprisar dersom produktet ikkje er fastsett i pristilbodet.

Det vert lagt til grunn at tilleggsbestillingane vert utført av kursleiar, kontaktperson eller arrangørens leiarar skal belastast arrangøren og ikkje den enkelte deltakar med mindre anna er særskilt avtala. Det same gjeld for bestillingar utført av kvar ein av deltakarane knytt til gjennomføringa av kurs/arrangement, eksempelvis knytt til møteromsfasilitetar og liknande.


AVBESTILLING

  • Avbestilling må skje skriftleg for å vere gyldig.
  • Avbestilling utan kostnad må skje innan 4 veker før ankomst/arrangement.
  • For avbestillingar gjort 2-4 veker før arrangementsdato vil ein verte belasta 50% av totalsum.
  • Avbestillingar gjort innan 2 veker før ankomst, eller no show, vil verte belasta med 100% av totalsum.
  • Avbestilling av bordreservasjon kan skje utan kostnad inntil 2 arbeidsdagar før ankomstdag.
  • Ved avbestilling nærare ankomstdag, eller no show, vil ein verte belasta med kr. 500,-

 

 

AKTIVITET  


INDIVIDUELLE 

Før ein gjennomfører ei endeleg bestilling, skal ein lese og gjere seg kjent med viktig 
informasjon om det aktuelle produktet. Bestillaren er sjølv ansvarleg for at kjøpet er i samsvar til sine eigne ynskjer, når det gjeld antal personar og kva dato billetten eller aktiviteten er bestilt til. Merk at når det gjeld aktivitetar i regi av Voss Gondol/Voss Resort Skiskule- Skileige AS, er kjøpet berre gyldig den dagen aktiviteten er bestilt til. 

  • Bestilling av aktivitetar og arrangement er bindande ved betaling med stadfesta godkjend transaksjon. Ta vare på utskrifta. 
  • Kansellering av aktiviteten eller aktiviteten 10-20 dagar før aktiviteten er bestilt: Me refunderer 50% av salssum  
  • Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 2-9 dagar før aktiviteten er bestilt: Me refunderer 30% av salssum, 
  • Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 1 dag før aktiviteten skal vere- eller ikkje møtte på aktiviteten- ingen refusjon.  
  • Det vert ikkje gjeve erstatning eller refusjon av billettar til aktivitetar og arrangement ved uventa driftsstans, dårleg ver eller føreforhold, straumbrot eller liknande. 
  • Kansellering av aktivitet eller arrangement på grunn av sjukdom/skade: må stadfestast av lege. Me refunderer 90% av salssum så lenge me er varsla innan 1 dag før arrangementet startar. Sjekk også di eiga reiseforsikring som kan dekke dette punktet. 
  • Kansellering av aktivitet og arrangement må gjerast skriftleg til e-post; skishop@vossresort.no , eller per post til Voss Resort Skiskule- Skileige, Evangervegen 3, 5704 Voss.  


GRUPPERESERVASJON (meir enn 5 påmeldte) 

Eigne føringar gjeld for gruppebestilling knytt til aktivitetar og arrangement i regi av Voss Gondol/Voss Resort Skiskule- Skileige 

  • Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 21 dagar før aktiviteten er bestilt: Full refusjon- 100% av total salssum.  
  • Kansellering av aktiviteten eller aktiviteten 10-20 dagar før aktiviteten er bestilt: Me refunderer 30% av total salssum. 
  • Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 2-9 dagar før aktiviteten er bestilt: Me refunderer 50% av total salssum. 
  • Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 1 dag før aktiviteten skal vere- eller ikkje møtte på aktiviteten- ingen refusjon. 
  • Når det gjeld endring i antal deltakarar i gruppa på aktiviteten, gjeld eigne føringar då dette avheng av kva type aktivitet eller arrangement og gruppa sin størrelse. Desse vilkåra kjem nøye fram i det skriftlege tilbodet mellom Voss Resort og kunden.  
  • Når det gjeld endring i antal deltakarar i gruppa på aktiviteten, gjeld eigne føringar då dette avhenger av kva type aktivitet eller arrangement og gruppa sin størrelse. Desse vilkåra kjem nøye fram i det skriftlege tilbodet mellom post@vossgondol.no og kunden.  


BETALING 

Me nyttar betalingsløysing frå Netaxept og du kan betale med Visa eller Mastercard. Tredjepart vil ikkje få tilgang til dine personopplysningar då Netaxept nyttar Secure Socket Layer (SSL) ved overføring av personleg informasjon. SSL lagar ein sikker (kryptert) forbindelse mellom din maskin og Netaxept. På denne måten kan informasjonen overførast trygt utan at uvedkommande kan lese den undervegs. Sjølve transaksjonen blir handtert av Elavon, og dette gjer deg ein trygg og sikker handel. 


ANGRERETT 

Angreretten gjeld ikkje datofesta aktivitetar, arrangement eller servering. Kjøpar står for eventuelle kostnadar for retur av heiskortet/gondolbillett. Angrerettlova gjeld ikkje ved sal av heiskort/gondolbillett frå ordinære utsalsstader, eksempelvis sal frå billettluke eller automat. Sjå meir under avsnitt om heiskort og gondolbillett.