Voss Resort – det beste skianlegget for studentar og ungdom
Med berre ein time reisetid frå Bergen til Voss, er sannsynlegvis Bergen ein av dei beste urbane lokasjonane for skientusiaster. Med grøn reiseveg kan du slå deg laus i Noregs beste skiterreng. Trygt og enkelt!

Studentrabattar
- 40% studentrabatt på dagskort på voksen pris. Gjeld alle dagar, inkludert feriar.
- Studentprisar for kveldskort, årskort og sesongkort.
- 20% rabatt på skiutleige.
- Vy og Skyss har studentrabatt på periodebillett og enkeltbillett.
Desse får studentrabatt hjå Voss Resort
- Fulltidsstudentar på høgskule, fagskule eller universitet.
- Lærlinger med gyldig lærlingkontrakt. Lærlingskontrakten må framvisast ved kjøp.
Studentrabatt gjeld ikkje vidaregåande eller folkehøgskulen. Studentbevis, gyldig bevis for betalt semesteravgift må framvisast ved kjøp.

Ungdomsrabatter
- Ungdomsrabatt på dagskort og sesongkort for ungdom (7-19 år).
- Ungdomsrabatt på skiutleige.
- Skyss ungdomsbillett kor du kan reise så mykje du vil i heile Vestland. Det betyr og at du kan ta toget til Voss, så mykje du vil. Billetten kan kjøpast frå og med fylte 16 år og til og med 20 år. Les meir om Skyss ungdomsbillett

Togtilbod Voss-Bergen
Frå måndag til laurdag går det ei høveleg togavgang frå Voss klokka 21:08 til Bergen. Det passar perfekt med kveldkøyring på Voss, som gjer det enklare enn nokon gong å nyte skikøyring i Voss Resort.
Du kan velja å stå på ski heile dagen eller berre ta ei kveldsøkt i dei flotte løypene våre. Når du er ferdig, er det berre å slengje seg på toget og lena seg tilbake medan du vert frakta trygt heim til Bergen – enkelt og greitt!