Webkamera og føremelding Voss Resort
Sjå live-bilder og føremelding av forholda i skianlegget.
Webkamera frå Voss Resort
Me har fleire webkamera plassert rundt i anlegget sånn at du får eit godt inblikk i korleis forholda er og kor mykje trafikk det er i anlegget. Kamerane sender direkte 24/7. Du kan óg sjå vår Youtube-kanal, og om du verkeleg vil, så kan du få inn kanalen på Altibox, RiksTV, Telia eller AppleTV.
Dagens forhold
Siste vêr og føremelding
Lurer du på om me har fine forhold, eller korleis ståa er i anlegget? Her får du all informasjonen du treng.
Lørdag 21.03.26
Oppdatering kl 13:51 Horgaletten er åpen igjen.
Oppdatering kl 12:34 Horgaletten stengt grunna sikt.
Nye vurderinger blir tatt fortløpande.
🚡Opne heisar: Gondol, Tråstølsekspressen, Bavallsekspressen, Slettafjell opp til mellomavstigning, Horgaletten, Badnakrokjen, Grebbesbakken og Trollbakken.
🎿Langrennsløypa: Sjå kor trakkemaskina har køyrt på nettsida vår.
☃️12:00 - 13:00 Barneskirenn i Badnakrokjen. Premie til alle.
💃15:30 - 22:30 Afterski på Hangurstoppen Restaurant med live-bandet SkiBarBula Band. Billett til Afterski kan ein kjøpa i døre på Hangurstoppen.
🕺15:30 - 21:00 Afterski i Bavallstunet.
Velkomen til fjells!