Kvar kan eg kjøpe billettar?

Du kan kjøpe billetter både online, på billettautomat og i skranke

Online:

Dei aller fleste billettane våre kan du kjøpe på nett. Fordelen med dette, er at det kan spara deg for tid i billettkø når du kjem til oss. Kjøper du “tur/retur” og “ein veg” på nett, så går du forbi billettkøen og går rett til vendekorset/inngang til gondolen når du kjem. Billetten din får du tilsendt på SMS og epost. Vennligst merk at det kan ta nokre minutt fra bestilling til du får billett på SMS. 

På dagskorta våre kan du velge å bruka eit eksisterande Keycard og lade opp dette direkte på nett. Då kan du og gå forbi billettkøen og gå rett til vendekorset/inngang til gondolen når du kjem. Kjøper du nytt dagskort med nytt Keycard, må du hente ut dette på ein av våre billettautomater.

Kjøp tur/retur, ein veg og dagskort her


Sesongkort og heilårskort kan du også kjøpa på nett. Nytt Keycard er inkludert i prisen, då du må laste opp bilete av deg sjølv under bestilling og hente ut på billettautomat når du kjem.

Kjøp sesongkort og heilårskort her
 

Billettautomat og billettluke:

Me har fire billettautomater på nedre stasjon og ein på øvre stasjon. Her kan du kjøpe tur/retur, ein veg og dagskort. 

Ambassadørkort kan foreløpig kjøpast i billettluka v/Voss Turistinformasjon på nedre stasjon. 

 

Alle billettprisar finn du her.