Voss Resort

Ta gondolen til topps og skri rett ut i Norges beste skiterreng!

Skianlegget Voss Resort kan du nå frå to utgangspunkt; ved å ta gondolen frå stasjonen til Hangurstoppen, eller frå Bavallen. 

Skianlegget, som er eit av Vestlandets største, har heile 11 heisar (inkl. gondol) og 40 km med preparerte alpinløyper for alle nivå. Her er det og kveldskøyring tre gongar i veka. 

Frå Hangurstoppen stig du rett ut i skiløypene. Her er og skiutleige og skiskule i underetasjen, i tillegg til afterski i restaurantlokale. 

Om du ynskjer å nytta gondolen for å koma deg ut i skiløypene, men ikkje vil ta med deg skiutstyret fram og tilbake, kan du leige skiskap på Hangurstoppen.  

Sjå meir på vossresort.no


Tips!  

Er du ein av dei som bruker skianlegget mykje og i tillegg ynskjer å nytta gondolen om sommaren? 
Då bør du sjekke ut heilårskortet vårt! Dette kortet fungerer som eit sesongkort for skianlegget (inkl. gondol) på vinterstid, i tillegg til at du får fri tilgang på gondolen om sommaren. 
Sjå meir om heilårskortet her