Vandring og fjellturar i Voss Resort
I fjella som omringer Voss Resort finn ein turstier som passer for alle. Enten du ynskjer lange eller korte turar er Voss Resort eit perfekt utgangspunkt for vandring i fjella. Her finn ein fleire merka stiar som passer for dei fleste.

Vandrekart – din guide til flotte turopplevingar
I vandrekartet vårt har me lista opp 12 turar som passer for alle. Området på og rundt Hanguren er flott å gå i uansett alder og form; ein vel sjølv kor mykje ein vil gjere ut av det.
Ynskjer du ein lett og kort tur; prøv Hanguren Panorama. Ein flott rundtur på ca. 800 meter, like ved toppstasjonen for gondolen. Her kan du og ta med deg rullestol eller barnevogn og du har fleire “instaspots” langs ruta. Frå Hanguren har ein og anledning til å gå vidare til Røde Kors hytta der ein kan ta seg eit forfriskande bad i Valbergstjørni eller ein kan gå lengre turar som til Raugstad, Lønahorgi eller Bavallen.

Fem populære fjellturar i Voss Resort
Hangurstoppen ligg 818 meter over havet, og er eit fint utgangspunkt for mange av turane du kan ta på Voss. Du kan gå opp frå sentrum, eller ta gondolen som tek deg raskt og behageleg til toppen på berre ni minutt – med ei fantastisk utsikt undervegs.

Kom deg raskt til topps
Gondolen tek deg frå Voss Stasjon (56 moh) til Hangurstoppen (820 moh) på under 9 minutt. Hangurstoppen er eit ypperleg startpunkt for vandring i fjellet, anten ein ynskjer korte eller lange turar.

Sulten eller tørst etter fjellturen?
Hangurstoppen Restaurant ligg rett ved øvre stasjon til gondolen, 818 meter over havet. Her kan du nyte både varme og kalde rettar, fersk bakst, samt forfriskande og varme drikker.