Voss Gondol

Voss Gondol er den største og mest moderne gondolbana i Nord-Europa.

Bana startar på Voss Stasjon (56 moh) og ender på Hangurstoppen (820 moh). 9 kabiner, med plass til 34 personar i kvar, fraktar opptil 1069 personar i timen.

Voss Gondol erstatter den gamle Hangursbanen (Dinglo og Danglo) som vart lagt ned i 2015. 


Den største og mest moderne gondolbanen i Nord-Europa

Voss Gondol er ein såkalt 3S bane, noko som betyr at den går på tre vaierar, to bæretau og eit trekktau. Det gjer den svært stabil, samanlikna med gondolar som vanlegvis heng på ein kabel. Bana har eit fritt spenn på 900 meter frå nedre stasjon til fyrste masta. Det er berre to typar heis som kan ha så lange spenn, og det er ein gondolbane med mange kabiner på same bæretau (som den nye gondolbanen på Voss) eller ein svevebane, som er ein gondol som går opp samstundes som den andre går ned (som til dømes Ulriksbanen).

 

Ni kabiner 

Bana har ni ulike gondolar (kabinar) som tek 34 personar kvar, og har dermed ha kapasitet til å frakta 1069 personar i timen kvar veg. Maksimal kapasitet er på 1544 personar i timen kvar veg. Til samanlikning hadde Dinglo og Danglo kapasitet til å frakta 25 personar i kvar vogn med vognførar, eller 15 personar utan førar. Maksimal kapasitet var på 350 personar i timen kvar veg.

 

Ein del av trafikknutepunktet

Den nye bana sin nedre stasjon er i det nye knutepunktet på Voss Jernbanestasjon (Voss Stasjon). Øvre stasjon er på Hangurstoppen (820 moh) like ved der som Ekspressheisen kjem opp frå Bavallen. 

Den unike plasseringa ved trafikknutepunktet gjer det enkelt for tilreisande å koma seg til fjells. Dersom du kjem frå Bergen stasjon, vil det ta deg 1,5 time frå du går om bord på toget i Bergen. 

Sjå meir om korleis du kan koma deg hit

 

Kabinfargane skal heidra gamle Dinglo og Danglo

For å føra vidare noko av det gamle og kjente frå Hangursbanen, som var eit landemerke på Voss i over 50 år, har fem av gondolan same farge som den raude Dinglo, og fire er gule som var den opphavlege fargen til den gamle Danglo.

 

Aktivitetar, Voss sin største restaurant og panoramautsikt

På toppstasjonen, Hangurstoppen (820 moh) finn du eit område for rekreasjon og aktivitetar. Sommarstid er det fokus på vandring, sykling og paragliding. Om vinteren er det skianlegget som er i fokus, og dette får ein tilgang til rett frå toppstasjonen. Her er og skiskule og skiutleige. 

I tillegg finn du og Hangurstoppen Restaurant. Med sitteplassar til 450 personar, er dette Voss sin største restaurant. Her kan ein nyta både kalde og varme rettar og drikkevarer, basert på lokale ingredienser og lokale leverandørar. Restauranten har og møte- og konferansefasilitetar til omlag 50 personar.

Frå Hangurstoppen har ein flott panoramautsikt over fleire av dei fjella som omkrinser Vossabygda. 

 

Fakta om Voss Gondol

Type gondol: Leitner Ropeways 3S

Nedre stasjon: 56 moh

Øvre stasjon: 820 moh

Lengd: 2020 meter

Kapasitet: 1069 pers/time (maks 1544)

Antal kabiner: 9 (maks 13)

Kapasitet pr. kabin: 34 pers.

Køyretid: 8,48 minutt