Voss – den råaste aktivitetsbygda i Noreg!
Enten du vil gå i fjellet, sykla, sveva med paraglider eller ta gondolen til topps – her finn du aktivitetar for både kvilepuls og høg puls.
Alt på ein plass
Voss byr på alt frå tandem fallskjerm og tandem paragliding til vindtunnel, klatrepark, sykling, rafting, fjellturar, golf og eit bad i elva.
Alt ligg nært – her har du kort avstand til eit hav av aktivitetar for den akive og eventyrlystne familien og vennegjengen, i tillegg er Hardangerfjorden og Sognefjorden berre ein liten køyretur unna. Her treng du ikkje køyre langt for å få mykje.
6 gode grunnar
for å ta gondolen i sommar

Overnatting – kort veg til det meste
Enten du vil vakna til utsikt over fjell eller berre ha kort veg til alt, så har Voss Resort hytter og leilegheiter som passar perfekt for deg. Her bur du midt i naturen, men samtidig nær nok til å stikka ned til sentrum for ein is eller ein god kaffikopp.
Vil du heller bu på hotell? Då har du Scandic Voss, Fleischer’s Hotel og Park Hotel Vossevangen å velja mellom – alle med kort veg frå tog, buss og alt anna du treng.

Voss – enkelt å nå, vanskeleg å forlata
Midt mellom fjord og fjell, berre 1,5 time frå Bergen – og med gondol rett frå togstasjonen. Reis med tog, buss eller bil frå Bergen eller Oslo. Gondolen startar i sentrum – hyttene ligg berre 10 minutt unna.

Voss – bygd med ekte opplevingar
Voss ei sjarmerande bygd som kombinerer levande sentrum med spektakulære naturopplevingar. Gondolen midt i sentrum tek deg frå kaffikoppen til Hangurstoppen på ti minutt – med ski, utsikt og kortreist mat rett rundt hjørnet. Voss er akkurat passe stort – du finn alt du treng innan gåavstand, og alt ligg til rette for ei heilskapleg oppleving.
Opplev stolte mattradisjonar som Vossafår og smalahove, besøk lokale bryggeri, og nyt sesongbaserte rettar med utsikt på Hangurstoppen Restaurant.