Afterski

Afterski på Hangurstoppen Restaurant og i Bavallstunet

Hangurstoppen Restaurant 

På Hangurstoppen blir det ein meir avslappa atmosfære, i form av afterski med fokus på «lounge», god mat og vin i glaset. Bar med alle rettigheter. Kvar laurdag i vintersesongen frå 13. desember.

Sjekk ut vår barmeny
Under afterski kan du bestilla mat og smårettar frå vår barmeny. Her får du alt frå enkle snacks til varme rettar som passar godt saman med noko godt i glaset. Sjå vår barmeny

Gondolbillett til afterski
Gondolbillett til afterski kostar 100 kr tur/retur. Har du skikort, er gondol inkludert.

Kjøp gondolbillett til Afterski

SkiBarBula i Bavallstunet

Alle med kjennskap til Voss veit at SkiBarBula i Bavallstunet lenge var kjent som ein av dei beste plassane for afterski i heile Noreg. Det vert vel ikkje noko mindre bra denne gongen heller, veit me! Bar med alle rettigheter.

Kvar laurdag frå 17. januar til 28. mars.* Aldersgrense 20 år.

Andre arrangementer

19. des - 10. apr, 15:30 - 21:00

Hangur Fridays

Ta gondolen rett inn i fredagsmodus
Laurdag 21. mars 2026

Bavallen Grand Prix

Vintersesongens råaste lagkonkurranse!
Torsdag 2. april 2026, 10:00-14:30

Vossa JIBB

Årets beste Jibbekonkurranse!