Hangur Fridays

Ta gondolen rett inn i fredagsmodus

Fredagar gjennom vintersesongen inviterar me til samling på Hangurstoppen. Her er stemninga god og alle er velkomne, enten du vil nyte musikk i bakgrunnen, smake på lokale godsaker eller berre slappe av i rolege fjellomgjevnader. Enkelte fredagar har me aktivitetar som musikkbingo og andre små overraskingar.

Ei sosial og avslappa start på helga, perfekt for deg som set pris på flott utsikt, god stemning og ekte folk. Enkelte fredagar kan Hangur Fridays verta erstatta med andre arrangement.

Bestill mat frå vår barmeny
Under Hangur Fridays kan du bestilla mat og smårettar frå vår barmeny. Her får du alt frå enkle snacks til varme rettar som passar godt saman med noko godt i glaset. Sjå vår barmeny

Program

  • 27. februar: Jazzkveld – Avslappande kveld med jazz- og bluesmusikk.
  • 6. mars: Humorshow (eigen billett kreves – sjå meir om arrangementet her)
  • 13. mars: Discokveld – Bli med tilbake til 70‑talet! Dans, disco og ekte retrostemning på dansegolvet.
  • 20. mars: Bingokveld – Bingo med premiar og god stemning.
  • 27. mars: Summer Party – Kven seier at sommaren må venta? Sol, musikk og feststemning – midt i skisesongen.
  • 3. april: Livemusikk med The Bruuds
  • 10. april: Barbeque Party – Me markerer slutten på skisesongen med grillfest på terrassen.

Gondolbillett til Hangur Fridays
Gondolbillett til Hangur Fridays kostar 100 kr tur/retur. Har du skikort, er gondol inkludert.
Kjøp gondolbillett til Hangur Fridays

Andre arrangementer

13. des - 11. apr, 15:30 - 20:00

Afterski

Afterski på Hangurstoppen Restaurant og i Bavallstunet
Laurdag 21. mars 2026

Bavallen Grand Prix

Vintersesongens råaste lagkonkurranse!
Torsdag 2. april 2026, 10:00-14:30

Vossa JIBB

Årets beste Jibbekonkurranse!