5000 Bergen Hangurstoppen Takeover

Festhelg med DJ Petter Lavern, quiz og Framifrå Chili dog

5000 Bergen Radio, med Petter Lavern og gjengen frå storbyen, inviterar til ei helg med noko for ein kvar smak på Hangurstoppen.

Fredag frå klokka 18:00-23:30 byr me på ein sosial og engasjerande kveld med kunnskapsquiz med Petter Lavern frå 5000 Bergen. Framifrå Sider-lounge med det beste frå Framifrå-familien. Hangurstoppen Restaurant serverar rettar frå den nye og spennande menyen.

Laurdag frå klokka 15:30-20:00 løftar vi taket med afterski-stemning når DJ Petter Lavern, Framifrå og crewet frå Mediehuset 5000 Bergen gir full pedal!

  • DJ Petter Lavern frå 5000 Bergen
  • Framifrå med verdspremiere på Chili dog (gratis til dei 200 første)
  • Premie til beste kostyme – konkurransar og «giveaways».
  • Voss Resort trekkjer ut premie: Hytte for ei helg inkudert Framifrå matkasse

Gratis inngang, men du må kjøpe gondolbillett. Har du skikort, er gondolen inkludert i kortet. 20 års aldersgrense.

Kjøp gondolbillett

Andre arrangementer

13. des - 11. apr, 15:30 - 20:00

Afterski

Afterski på Hangurstoppen Restaurant og i Bavallstunet
19. des - 10. apr, 15:30 - 21:00

Hangur Fridays

Ta gondolen rett inn i fredagsmodus
Laurdag 14. februar 2026

Garasjefesten

Garasjefest med Turbostipend!